Coca Cola-nissen kjem til Os to gongar
Christmas Caravan blir å sjå to fredagar på rad.
Denne jula er Coca-Cola tilbake med Christmas Caravan, og den dekorerte snutelastebilen blir å sjå på to stoppestadar i Os dei neste vekene.
Fredag 3. desember stoppar den på Er-An Veikro.
– Det er to Cola-nissar på vegen i år, eg er spent på om denne er like glad i medisterkaker som den førre, seier Linda Andersen.
– Vi vil uansett tilby oss å feita han opp, og så kjem vi tilbake til opplegget rundt når det nærmar seg.
Coca-Cola-nissen er venta å koma til restauranten på Røykenes i 18-tida denne fredagen.
Fredag 10. desember kjem den til Meny Industrivegen.
Dette er ikkje berre eit pitstop, men ein del av den offisielle ruta.
Etter planen skal Christmas Caravan stå utanfor Meny frå klokka 13 til 18.
– Eg veit ikkje korleis dei tilpassar opplegget med tanke på smittevern, men reknar med at det blir ei trygg og god gjennomføring, seier butikksjef Jahn Ingolf Lyssand.
– Vi har baldakinar som kan halda nissen tørr mens han møter dei som har ønskje til jul, eller vil ta bilde. Det blir nok også nokre gode prisar på brus denne dagen, sjølv om det no for tida er spesielt låge prisar på sukkerfri brus heile året.
Også i 2015 var Cola-nissen innom begge desse stadane.