Næringsliv | 17. feb. 2016

CMYK-kjeda er konkurs

Kjeda som står bak CMYK-butikkane, mellom anna den på Amfi Os, har begjært seg sjølv konkurs. Onsdag var dørene stengde.

CMYK-kjeda er konkurs
Porten er nede for CMYK-butikken på Amfi Os etter at kjeden slo seg sjølv konkurs (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 17. feb. 2016 12:52

– Selskapet begjærte seg sjølv konkurs. Grunnen ligg i at ein del av dei 41 butikkane har slitt med økonomien og påført kjeden tap.

– Samstundes har kjeden sete med langsiktige leigeavtaler som dei ikkje hadde økonomi til, fortel bubestyrar, advokat Arne Laastad til bt.no

Fekk meldinga tysdag kveld

Ein av butikkane som forsvinn i samband med konkursen er CMYK-butikken på Amfi Os.

– Det er sjølvsagt trist. Eg fekk melding i går kveld om at dei stengde dørene, fortel Silje Lygre, senterleiar på Amfi Os.

Ho ønskjer ikkje å kommentera omsetningstala for butikken på Os.

– Det overlet eg til bubestyrar. Det er ein del formalitetar som skal følgjast når dette skjer.

Om butikken seier ho;

– Dei representerte ei varegruppe og prisklasse som supplerte dei andre butikkane på senteret på ein god måte.

Interessentar har meldt seg

Lygre fortel at dei no jobbar med å finna nye leigetakarar til lokalet.

– Det er allereie interessentar som har meldt seg, så vi er i gang med å finna nye til å driva butikk i lokala.

– Vi er heldigvis eit attraktivt senter for næringsdrivande, avslutter Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.