Case closed
Arbeidstilsynet var fredag på tilsyn på Oseana for å sjå på løysingane Os kommune hadde vald for å koma tilsynet imøte. – No avsluttar vi saka, seier Bente Kristin Englund.
Etter at Arbeidstilsynet i 2011 kom med pålegg om rettingar av fleire tilhøve på Oseana, mellom anna i høve øvingsrom for kulturskulen, dagslys i lokala og reinhaldsrom i kvar etasje, har det pågått ein langdryg prosess, kor kommunen blant anna påklaga vedtaket til arbeidsdirektoratet utan å få medhald.
Som eit resultat av dette satte rådmann Knut Terje Rekve ned ei arbeidsgruppe leia av kommunalsjef Geir Engelsen. I slutten av september 2012 meldte Engelsen at dei hadde funne gode løysingar som dei ville iverksetja.
Sette punktum
Fredag var det tid for å setja endeleg punktum for saka då Arbeidstilsynet kom på sluttbefaring for å sjå på korleis kommunen hadde løyst oppgåva.
– Vi avsluttar saka.
– Kommunen har gjort gode tiltak som sikrar eit godt arbeidsmiljø og som er i tråd med regelverket, fortel seniorinspektør i Arbeidstilsynet Vestlandet, Bente Kristin Englund.
– Vi gjorde ein feil
Med på tilsynet var Geir Engelsen, Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg, prosjektleiar Tor Inge Døsen og hovudverneombud Trygve Dale, i tillegg til seniorrådgjevar Kåre Askvik og Englund frå Arbeidstilsynet.
– Vi gjorde ein feil, den har vi no retta.
– Samstundes har det gitt oss meirverdi. Totalt har vi auka arealet med omlag 50-60 kvaderatmeter.
– Kobbavågen har blitt eit betre rom, noko som igjen gjev betre moglegheiter, fortel Geir Engelsen.
Også hovudverneombud Trygve Dale er nøgd med at saka no har fått ei løysing.
– Når kommunen først tok tak i det, så har dei gjort ein god jobb.
– Mitt inntrykk er at dei tilsette no er nøgd med løysingane, seier Dale.
I tillegg til å gjera det Arbeidstilsynet ba om, er ein i ferd med å betra toalettfasilitetane for publikum gjennom prosjektet.