Bytte ut skulebøker med skøyter
Isdans, grilling og hockey: Torsdag var isen på Banktjørn fylt over 300 leikande born frå Kuventræ. På førehand hadde foreldre førebudd isen godt.
Ideen kom dagen før, men dei tilsette ved Kuventræ barneskule er effektive, og med god hjelp frå FAU og engasjerte foreldre så blei det skøytedag på alle dei 317 elevane torsdag.
– Det var nokre lærarar som kom med ideen, og før eg fekk snudd meg rundt var dagen ferdig planlagd, fortel rektor Olav Røttingen.
Sidan det kom ein del snø onsdag så engasjerte FAU seg og fekk fleire foreldre med til å måka vekk snøen frå isen onsdag kveld.
– Det setter vi veldig stor pris på, dei har gjort ein kjempejobb.
– Kjekt og sosialiserande
Ved kanten hadde dei rigga til med telt, eit aggregat skaffa straum til både vasskokar og musikkanlegg, og det var tent bål og grillar der borna kunne varma seg pølser.
På ein del av vatnet var det laga i stand hockeybane med mål, nokre skøyta om kapp, medan andre dansa etter musikken frå cd-spelaren.
– Dette er veldig kjekt og ikkje minst sosialiserande for elevane å ha ein slik dag, fortel Røttingen.
– Her er det topp stemning!