Byter sjømerke
For å gjera det finare og tryggare i skjergarden rundt Os skiftar Kystverket no ut stakane.
Midtsiden.no fekk i dag spørsmål om kva Kystverket held på med ute ved Raudholmane. Ein telefon til arbeidsskipet Ona gav oss svar.
- Vi byter dei gamle, skakke og rustne sjømerka med nye, fortel skipper Nils Bjørn Skarseth.
For rufsete
Skarseth seier at dei eigentleg skulle ha vore ute ved Austevoll i dag, men der var det såpass rufsete vêr at dei måtte trekka seg lengre inn i Bjørnefjorden.
- Vi skal byta 6-7 merke i Bjørnefjorden i denne runden.
Kystvakten har med seg eigen arbeidsflåte som dei kastar utpå der dei jobbar.
- Eigentleg er det meir som ein liten borerigg, vi får festa dei nye merka godt i botn med dette utstyret, avsluttar skipperen.
Ikkje alle synes Rauholmane er like lette å få auge på. Uansett skal det no bli lettare å koma seg flytande forbi holmar og skjer rundt Os.