Byr på fest for dei yngste
Vennegjengen kjem til Os under marknadsdagane - i regi av Os kommune og Liv på Øyro.
– Vi jobbar no aktivt med prosjekt Liv på Øyro. Flere av prosjekta er langsiktige, og av meir strukturell karakter, kring bygningar, eigedomar og uterom, seier ordførar Terje Søviknes.
Les òg: – Auka optimisme i sentrum
– Men vi ønskjer også å vera ein positiv bidragsytr til å skapa aktivtet i kommunesenteret, og har derfor invitert Venneby-gjengen fra barne-TV til Osøyro, som ein del av underholdingstilbodet under marknadsdagane.
Laurdag 29. juni klokka 13 kjem Vennebyen på scenen på Osøyro, og i etterkant får store og små få helsa på Apa, Ted og Elphie.
– Prosjekt Liv på Øyro har et spesielt fokus på å få barn og barnefamiliar til å kosa seg i sentrum. Marknadsdagane er eit fint arrangement for heile familien, og vi synest Vennegjengen passar godt inn, seier ordføraren.