Byggjer solsenter
Osbadet utvidar tilbodet med fem nye solsenger. - Vi trur det vil vera med på å betra tilbodet og opplevinga for brukarane av huset, seier Leif Gunnar Borgen.
Lokala som tidlegare husa vaktmeisterkontor og kjøkken til den gamle kafeen i Oshallen har siden Osbadet opna for om lag seks år sidan stått meir eller mindre tomme.
- Vi har lenge diskutert i styret kva vi skal nytta lokala til.
- Solsenter var tidleg inne i diskusjonane, men blei lagt litt på sidelinja før tråden blei tatt opp igjen for vel eitt år sidan, fortel Leif Gunnar Borgen, dagleg leiar for Osbadet KF.
Heilskapleg tilbod
Osbadet fekk allereie då dei opna to solsenger inne i badet. No utvidar dei med fem nye.
- Vi fekk åtvaringar om at vi ikkje ville tena pengar på dei når dei låg inne i badet, men vi har hatt badegjestar som har nytta seg av tilbodet, så det har gått omtrent rundt.
Borgen fortel at dei ikkje lagwr solsenteret primært for å tena pengar, men for å få eit meir heilskapleg tilbod til brukarane av Osbadet, treningssenteret og hallen.
- No kan det vera at regelendringane som har kome dei siste åra vil slå positivt ut også på økonomien.
- Vi håper det vil vera med på å gje brukarane av huset ei enno betre oppleving og tilbod, forklarar Borgen.
To inngangar
Regelendingane som har kome er at det er innført 18-års aldersgrense, noko Osbadet praktiserte også tidlegare. I tillegg er det diskusjon om at alle solsentre frå 1.1.2014 skal være betjente.
Solsenteret vil i første omgang få inngang direkte frå parkeringsplassen og via hovudinngongen til badet.
- Om det blir innført krav om betjening vil inngangen via badet bli hovudinngang, fortel Borgen som håpar dei kan opna til vinterferien.
Ser på garderobane
Ombygginga er ikkje det einaste prosjektet Osbadet held på med om dagen.
- Vi har òg byrja å sjå på ei lita oppussing av garderobane i kjellaren.
- Det kjem nok ikkje til å bli dei heilt store endringane der no, men litt maling og nytt golvbelegg kjem det truleg, avsluttar Leif Gunnar Borgen.