Lokal | 15. jan. 2016

Byggjer du nytt må du ha denne

Skal du byggje nytt i 2016 må du frå 1. januar sørgje for å få installert vassmålar. Kravet gjeld både bustadhus, fritidsbustader og næringsbygg.

Byggjer du nytt må du ha denne
Vassmålaren i rådhuset måler kor mykje vatn dei kommunalt tilsette nyttar kvar dag. Byggjer du nytt må du også installere ein etter 1.1.16 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. jan. 2016 10:07

Frå 1. januar 2016 innførte Os kommune krav om at ein ved nybygg skal installera vassmålar.

– Dette kjem faktisk frå eit framlegg som kom i samband med at gebyrsystemet til kommunen blei lagt om i kommunestyret i 2012. Det var ein av representantane frå Fremskrittspartiet som kom med framlegget som blei vedtatt, forklarar Marianne Kramer, teknisk sjef i Os kommune.

Hensikten med framlegget var at innbyggjarane skal betala for faktisk forbruk i staden for ei avgift basert på størrelsen på huset.

Gjeld nye søknader

Kravet om installering av vassmålar gjeld for alle nybygg kor rørleggjermeldinga blir sendt inn etter 1. januar.

– Det gjeld altså ikkje for dei som søkte før nyttår. For dei gjeld framleis den frivillige ordninga med at ein kan installera det om ein vil.

– Per i dag er det omlag 100 bygg i Os som har vassmålar, fortel Kramer.

Kan lønna seg

Installasjon av vassmålar vil kosta rundt 5-6000 kroner. Dette blir gjort av røyrleggaren. Vassmålaren leiger ein hos Os kommune.

– Ein betalar ei årleg leige. I avgiftsbudsjettet for 2016 blei denne sett til 500 kroner. I tillegg betalar ein 14,07 per brukt kubikkmeter og abonnementsavgifta på 2010 kroner.

– Om ein ikkje har vassmålar, så blir avgifta rekna ut frå størrelsen på huset. Her er det tre ulike satsar. Vanlege bustadhus under 110 kvadratmeter betalar 844 kroner, hus mellom 111 og 175 kvadratmeter betalar 1688 kroner og hus over 176 kvadratmeter betalar 2814 kroner. I tillegg kjem abonnementsgebyret på 2010.

– Bur ein i eit større hus og er få som bur saman, så kan ein komma billigare ut med vassmålar enn uten. Det heile kjem ann på kor høgt forbruk ein har, forklarar Kramer.

Stipulerer forbruket

Vassmålarane er førebudd for automatisk avlesing, men dette vil ikkje bli tatt i bruk i første omgang.

– Vi har snakka med Bergen kommune som har rundt 4000 vassmålarar i sin kommune i dag. Dei har gjort ei vurdering i høve automatisk avlesing og kome fram til at det førebels vil kosta for mykje å få dette opp å gå. Vi følgjer difor dei.

– Ordninga blir difor slik at vi i januar stipulerar årsforbruket og fakturerar ut frå dette. På slutten av året vil dei som har installert vassmålar få ei melding frå oss om at dei skal lesa av forbruket og rapportera dette inn til oss. Vi vil då gjera ei avrekning og eventuelt betala tilbake det som er betalt inn for mykje.

– Vil desse meldingane gå på SMS som ein kan gjera på straumen?

– Vi er nok ikkje der enno, men eg håpar at vi kan koma dit med tida. I første omgang vil vi basera oss på eit manuelt system for avlesing og rapportering.

Kan ettermonterast

Om ein bur i eit større husvære kor borna har flytta ut kan det vera ein tanke å etterinstallere vassmålar.

– Det er det ingenting i vegen for å gjera. Då kontaktar ein berre ein røyrleggar som må stå for installeringa. Når dette er gjort går ein på heimesida til Os kommune og lastar ned eit skjema som må sendast inn slik at vi får registrert at du har fått installert vassmålar, avsluttar Marianne Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.