Næringsliv | 01. nov. 2018

Bygger søndagsopen butikk

Rema 1000 Kuven stasjon blir utvida.

Bygger søndagsopen butikk
I motsett ende som inngangen kjem tilbygg med eige lokale for søndagsopen butikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. nov. 2018 14:18

Bildeserie:

Det søndagsopne arealet kjem i tilbygg på parkeringsplassen. (Foto: KVB)
Det søndagsopne arealet kjem i tilbygg på parkeringsplassen. (Foto: KVB)
Fylket held fram med å leiga pendlarplassar hos Rema. (Foto: KVB)
Fylket held fram med å leiga pendlarplassar hos Rema. (Foto: KVB)
1 av 5

Planen er godkjent, no gjenstår berre igangsetjingsløyve før huseigar, MTB-gruppen, startar byggearbeidet på delar av parkeringsplassen til Rema 1000 Kuven stasjon.

– Å utvida opningstida til 6-24 har allereie vore ein suksess, med auka handel både på kveldstid og midt på dagen. No ønskjer vi å gje osingane eit endå betre utval på søndagshandel, seier kjøpmann Trond Hope.

Regionsdirektør Arild Remme var umiddelbart med på notane.

– Det er ein fryd å ha ein framoverlent kjøpmann som Hope. Han tok initiativ til å få ladestasjonen til Tesla på plass, og då han ba om utvida bygg til søndagsope, tok vi umiddelbart kontakt med huseigar.

250 nye kvadratmeter

Den søndagsopne butikken blir i eige, nybygd lokale. Nybygget skal koma i søndre ende av parkeringsplassen, mot Elvebakken, men integrert i dagens bygg.

– Her kjem passeleg salsflate, altså inntil 100 kvadratmeter, og noko areal til kjøl, frys og lager. I tillegg bygger vi eit utleigelokale som òg blir på rundt 100 kvadratmeter, fortel Bjarne Øen frå MTB-gruppen.

Kva som kjem i det andre lokalet er førebels ikkje bestemt, men det ligg an til å bli knytt til servering.

– Eg må seia at eg er imponert over service og behandlingstid i Os kommune, det tok éin dag å få søknaden godkjent!

I tillegg til nybygg skal BKK etablera hurtigladarar på plassen.

God søndagserfaring

Konkurransen om søndagsmarknaden er redusert i Os etter at Joker har lagt ned i Os sentrum og slutta med søndagsope på Søfteland.

– Går alt slag i slag så opnar vi før påske 2019 ein gong. Vi gler oss veldig, ikkje minst fordi Rema har gjort det så bra med søndagsope andre stadar i regionen.

Rema 1000 har søndagsopne butikkar både på Skjold, Wergeland og Kleppestø.

– Kunsten er å få rett utval på begrensa areal. Kvar kjøpmann har tilpassa sin butikk etter eige nærområde, og etter kundane sine ønskje, fortel Remme.

Kjøpmann Hope er innstilt på sjølv å jobba meir om søndagane i tida som kjem.

– Vi vil læra av erfaringane til dei andre søndagsopne Rema-butikkane, men eg trur det blir avgjerande at vi som driv butikken på Os sjølv tar pulsen på vår eigen marknad.

Har framleis plass til pendlarar

Fylkeskommunen held fram med å leiga 50 pendlarparkeringsplassar hos Rema, men desse kan bli flytta på i byggeperioden.

Hope er ikkje uroa for mengda parkeringsplassar, då butikken har heile 260 plassar å ta av.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.