Næringsliv | 10. jan. 2014

Bygger kafé av Fisketorget

Fisketorget Os har fått nye eigarar, som utvider utvalet, endrar serveringsforma og døyper den tradisjonsrike fiskehandlaren om til Gastronomen.

Bygger kafé av Fisketorget
John Widar Storli og Brynhild Larsen (bildet) har saman med Ole Erik Jansen kjøpt Fisketorget Os, som endrar namn til Gastronomen før opning i februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. jan. 2014 09:18

I slutten av september i fjor fortalte Turid Leikvoll Hjelle, som med nytt selskap overtok etter Lepsøe-familien som fiskeforhandlar i Brugata i Os sentrum, at ho ville selja eller legga ned til nyttår.

Les òg: Fiskar etter nye eigarar

Fleire har vist interesse og i god tid før jul kom ho i dialog med Brynhild Larsen, som no, saman med to andre, har kjøpt selskapet.

Butikken er no stengt, men berre for oppussing. Nyopning blir i februar, då som ferskvarebutikk med fisk og kjøtt – kombinert med kafé.

Det nye namnet blir Gastronomen.

Eks-svoger og eks-kollega

– Eg har med meg min tidlegare svoger Ole Erik Jansen og min tidlegare kollega på Solstrand, John Widar Storlid, seier Brynhild.

Jansen jobbar som sjukepleiar i Oslo, Storlid har i ei årrekke vore dagleg leiar på Stallmestergaarden og Moldegård i Os.

– Eg har alltid halde kontakten med Ole Erik, og han var klar for noko nytt, og for å flytta til Vestlandet, der foreldra kjem frå.

– Medan eg og Ole Erik deler på dagleg leiar-ansvaret er John Widar med som styreleiar.

Larsen har sagt opp stillinga si på Inwido Lyssand for å driva butikk og kafé i Os sentrum.

Ombygging

Denne veka møtte Midtsiden Brynhild og John Widar inne i det stengte lokalet. Hyllene er tomme, men det meste er plassert på same stad som før.

– Lokalet skal pussast opp og vi skal innreia på nytt. Men det er mykje vi kan bruka og fiskedisken blir på same stad som før.

Den største endringa blir at lokalet i Brugata no får sitjeplassar og kundetoalett – butikken skal framleis selja varer, men også fungera som kafé.

– Vi satsar på å bli ein god plass å ta frukosten og lunsjen, og får, ved sidan av lunsjrettar og salatbar, som var her frå før, ein ny meny å bestilla frå.

Fisk + kjøtt

Dei nye eigarane vil auka utvalet i butikken, spesielt innan kortreist mat.

– Det finnest mange gode produsentar her i Hordaland, av alt frå ost til pølser.

– Vi utvidar også på råvaresida, i tillegg til fiskedisk vil vi også ha eigen kjøttdisk.

Held på dei tilsette

Laila Fjellberg og Ingrid Storenes, som jobba på Fisketorget frå før, Storenes i heile 22 år, har begge fått tilbod om jobb for ny eigar.

– Dei har også takka ja, og det er vi veldig glade for. Vi har inntrykk av at kundane har sete stor pris på kunnskapen og servicen til desse damene.

Seljar Turid Leikvoll Moberg er veldig glad for at nye eigarar kom til.

– Det er vemodig å gje seg, men ikkje så gale når nye krefter overtar. Det ville vore verre å legga ned, å selja utstyret og å sjå lokalet stå ubrukt.

– Og så synest eg det er veldig kjekt at Laila og Ingrid er med vidare, seier Turid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.