Bygger bane nummer to
Nore Neset il vil dobla kapasiteten og bygga nytt garderobebygg. Rett før jul sa Os kommune ja.
Nore Neset idrettslag treng auka kapasitet innan fotball og vil utvida med nok ein ellevarbane i tillegg til eit nybygg med garderobar.
– Vi har eit garderobesett i Nore Neset Aktivitetshus, men treng fleire, spesielt nå vi har fått to banar, seier Jan Erik Døsen.
Døsen er leiar for fotballgruppa i idrettslaget og er kjempenøgd med at Os kommune no seier ja.
Leiger areal i 40 år
Eigedomsutvalet i Os kommune behandla søknaden siste veka før jul.
– Vi seier ja til å leiga ut areal mellom dagens bane og den nye ungdomsskulen, seier ordførar Terje Søviknes.
Les òg: Frp klar for utviding på Nore Neset
Avtalen blir for 40 år og idrettslaget får gratis leige mot at skulane og barnehagane får bruka banane gratis i skuletida.
Det planlagte garderobebygget skal koma mellom dei to banane. Her skal det koma to garderobesett (fire garderobar) og utstyrsbod.
Byggestart i år
Jan Erik Døsen seier idrettslaget er i ein prosess med finansiering, men at dei allereie er i hamn med masseutskifting. Her er det blant anna aktuelt å henta massar frå Ohara-prosjektet.
Dei har òg søkt Os kommune om støtte. Kommunen har tradisjon for å gje 500.000 i støtte til bygging av kunstgrasbanar.
– Banen og bygget er to separate prosessar som går parallelt. Vi er godt i gang med finansieringsplanane, som også omfattar sponsorarar og nærmiljø, men har ein del arbeid igjen.
– Bygget er teikna og vi har fått pris. Arbeidet med masseutskifting startar i år. Målet er å ha ny bane og nytt bygg klart i 2017, seier Døsen.