Butikken er selt
– Eg er nøgd med prisen og eg trur vi har funne dei rette til å driva Joker Søfteland vidare, seier Duddun Lindborg.
I november, etter 13 år som eigar av Joker Søfteland, la Gudrun "Duddun" Elisabeth butikken hennar ut for sal.
Les òg: Joker for sal
No er kontrakten skriven. Frank Wiederstrøm frå Bergen er, med fire månadar gamle selskapet Fw Gruppen AS, kjøpar av Joker Søfteland.
Rett kjøpar
– Det gjekk fort. Og ei stund etter dei første interessentane kom det fleire, men vi hadde då så god dialog og så godt inntrykk av dei som kom ført at vi ikkje ville kjøra nokon bodrunde, seier Duddun.
Partane blei einige om sum og vilkår, så var det å få skriftleg stadfesting frå Norgesgruppen, at dei ikkje ville bruka sin forkjøpsrett.
– Eg er glad vi fann nokon som vil driva butikken på Søfteland vidare, og at vi fann nokon som ser ut til å villa driva butikken vidare litt i vår "ånd".
Ny butikksjef
Ferskvaredisken med kokken Kenneth Milde blir verande. Alle andre tilsette får også tilbod om å halda fram i jobben sin.
– Eg blir nok tilsett eg òg. Det skal bli kjekt å jobba i butikken utan å vera eigar og dagleg leiar. Eg trur det blir fint for ungane mine òg, at dei slepp å føla at dei må koma og hjelpa til.
1. mars skal ny butikksjef vera på plass, 1. april overtar den nye eigaren.
I morgon reiser Duddun med familie til Egypt på ferie. Mor spanderer.