Butikken er komplett - no opnar Jeanett
Heile familien har stått på for å få Borg Vêr klar. Allereie før opning var det fleire kundar på døra og ville inn.
Mange gledde seg over den komande nyopninga då Jeanett Borgen Kallekleiv i august fortalte at ho ville satsa i Os sentrum.
I dag er opningsdagen i lokalet i Tønjumgården i Telthuskvartalet, og den unge gründaren er nøgd med at alt er klart.
– Eg har fått utruleg god hjelp, både av familien, kjærasten og dei lokale butikkane vi har handla hos i løpet av byggeperioden.
Det siste som kom på plass var teppene i prøveromma, som blei lagt ned i formiddag, berre timar før opning.
– Det skal vera komfortabelt å stå barbeint når du prøver klede hos oss, forklarar Jeanett.
Eigen herreavdeling
Borg Vêr leiger 130 av 200 kvadratmeter i lokalet der Landboden i mange år selte interiørvarer.
I lokalet var det ei brei og stor trapp til andre etasje.
– Eg er glad denne blei fjerna, trappa var fin, men tok mykje plass. Arealet gav rom til ei god herreavdeling.
Sortering og innreiing
Også den eine veggseksjonen med hyller og hengarar er det pappa Arne som har bygd. Varene er utstilte på bord, i hyller, på vegg og i heimesnekra korger i lokalet.
– Eg har prøvd å sortera etter merke, men enkelte varer av ulike merke har stått betre saman enn andre, og då har eg tatt omsyn til det.
– Målet har vore å få varene godt fram, samtidig som eg vil ha eit godt utval på litt få kvadratmeter.
Tekstil til ungdom og vaksne, litt meir til damer enn herrar, er hovudutvalet, men det er òg både hattar, solbriller, hanskar, smykke og mobil-tilbehør i hyllene.
Midtsiden besøkte butikken ein halvtime før opning, og i løpet av tjue minutt var det 6-7 ulike kundar på døra og ville inn.
– No er eg veldig spent på korleis starten blir, seier Jeanett, som såg ut til å ha bra kontroll minutta før opning.