Busted!
Grisane som hadde "rømt" klarte å gøyma seg for bonden, men ikkje for Midtsiden.
Torsdag morgon gjekk politiet, med godt humør, ut med åtvaring om rømte grisar i Stemmevegen.
"Grisemelding. Stemmeveien i Os. 4 smågriser på rømmen. Stakk av fra innhengning. Ved observasjon ring 02800."
Fire unge grisar var sakna frå innhegninga si, som ligg rett ved den krappe svingen i trafikkerte Mobergsbakken.
– Eg let grisane lufta seg, for dei gjer samstundes ein jobb med å velta jorda i eit terreng der det er vanskeleg å koma til med traktor, seier bonde Erlend Moberg.
Han driv i hovudsak med avl av storfe av typen Limousin, og kjøpte i våre fire grisar.
– Dei har berre vore ute i to veker, og eg ser ofte til dei. Då eg ikkje fann dei i dag tidleg så ba eg far min om hjelp, men han fann dei ikkje han heller.
Midtsiden var i området og svingte innom for å sjå om dei var i området, og det var dei - inne i innhegninga.
– Dei plar skjula seg i kratt, og klarte tydelegvis å skjula seg veldig godt i dag, ler Erlend, letta over at grisane ikkje hadde stukke av.