Bustadfelt med grendahus og gjestehytte
Labrador frå Bergen skal bygga 75 hus i Gåsakilen.
Det nye bustadfeltet mellom Hjellemarka og Søfteland barneskule har i haust fått ein brakstart på salet. Os Bygg og Eigedom la ut 23 tomter i slutten av august, med ambisjon om å selja dei fleste innan utgangen av neste år.
Dagen etter første vising sto 7 tomtekjøparar klare, no er 16 av 23 tomter selt.
Men allereie for eit år sidan blei ein større del av området, høgda mellom einebustadtomtene og Byvegen, selt til ein utbyggar.
Skal bygga 75 bustadar
Labrador Gruppen AS (som er eigd 50 % av HarBak Invest AS og 50 % av Corpo) står for utbygginga gjennom selskapet Labrador Eiendom. Optimalt Bygg AS frå Godvik er utførande totalentreprenør i prosjektet.
– Eg og partneren min bur i bergensområdet, og skal gjennomføra dette 50/50 med ein vi jobbar saman med, som kjem utanbys frå, fortel Joakim Bakke.
Han jobbar for tida med sal og bygging fleire stadar i bergensområdet; 52 hus på Askøy, 7 i Fana, 6 på Minde og snart 73 nær Sartor på Sotra.
– Vi har stor tru på Os og er glade for å ha sikra oss ein plass i dette idylliske og populære området på Søfteland, seier Bakke.
Dei har plan om å selja og bygga 75 rekkehus og leilegheiter på tomta. Det er førebels tenkt å dela dette inn i tre trinn, der 20 bustadar i første trinn blir lagt ut for sal på nyåret.
Gjesteleiligheit og grendahus
Bustadprosjektet består av rekkehus frå 80 til 130 kvadratmeter i storleik og leilegheiter frå i underkant at 50 kvadratmeter og oppover.
Leilegheitene kjem i bygg på tre etasjar over parkeringskjellar, med 12 leilegheiter i kvar bygning.
– Vi får eit samansett utval som passar dei fleste, og som kan skapa eit nabolag med folk i alle aldrar, frå førstegangskjøparar og barnefamiliar til einslege pensjonistar.
I feltet er det planlagt eit frittståande bygg som alle kan ha glede av, også dei som bygger seg einebustad i Os Bygg og Eigedom sitt felt.
– Vi ønskjer å bygga eit lite selskapslokale med kjøkken. Her kan dei som bur i områder arrangera bursdagsfest eller konfirmasjon, eller samlast til ulike arrangement. Sameiget styrer bruken.
– I same bygg vil vi laga ein leilegheit som sameiget kan leiga vekk billig nokre netter, i tilfelle nokon i nabolaget får fleire overnattingsgjestar enn dei har plass til i eige hus.
Utbyggaren seier dette var noko Os kommune likte, då dei behandla planen.
– No held vi på å førebu salsstart. Vi har allereie opplevd stor interesse, både frå folk som tar kontakt med oss direkte, eller som har fått høyra om prosjektet via Os Bygg og Eigedom, seier Joakim Bakke frå Labrador Eiendom.