Bustadbrann på Sundøy
Då huseigar skulle heim og henta noko verktøy velta det røyk og flammar ut av kjellaren.
Måndag i 9.10-tida kom melding om bustadbrann på Sundøy. Huseigar meldte sjølv ifrå etter å ha tømt eit pulverapparat mot flammane i kjellaren.
– Eg gjekk heimefrå i 8-tida, då var alt OK. Rundt klokka 9 skulle eg heim og henta noko verktøy, og då var kjellaren fylt med røyk. Det velta også flammar ut under døra, fortel huseigar.
Ein leigebuar som bur i kjellaren skal ha kome seg ut i forkant, og gjekk i morgonkåpe til sonen, som bur i nabohuset, for å varsla.
Full alarm
Då brannvesenet kom fram viste det seg at brannen likevel ikkje var sløkt, men hadde spreidd seg til kjellartaket og vidare gjennom luftekanalar.
– Det er mykje kanalar i eldre hus. No leiter vi etter flammane, seier varabrannsjef og leiar på staden, Arne Monsen.
Brannvesenet har fleire røykdykkarar inne i minst to av etasjane.
Sager hol i nyoppussa hus
– Vi har nettopp pussa opp den eine etasjen, eg får håpa dei finn flammane utan at for mykje blir øydelagt, seier huseigar, medan duren av motorsaga går for fullt i bakgrunnen.
Då Midtsiden kjørte frå staden i 9.50-tida var det framleis søk etter flammar i huset, medan litt røyk velta ut frå opningar.
Politi og ambulanse er også på staden. Leigebuaren skal ha fått noko behandling på staden.
Ferdig sløkt
Rundt klokka 10.10 blei brannen meldt ferdig sløkt.
– Det var noko komplisert med så mykje kanalar og holrom, men vi sagde oss gjennom golvet i den midterste etasjen og fekk sløkt flammane, seier Monsen.
Brannvesenet driv no med restverdiarbeid i form av utsuging av vatn som er brukt til sløkking og lufting av bustaden.
– Det går førebels ikkje an å bu i huset.
Politiet etterforskar no brannårsaka.