– Bussen e' i rute!
Røykenes ser no ut som ei maurtue av byggearbeidarar for å få Er-An Veikro klar til å innlemma bussen til opning laurdag.
Fredag 18. desember kom den amerikanske skulebussen i land i Bergen (sjå videoreportasje frå turen til Os), laurdag 30. januar skal den opna som utvida del av Er-An Veikro på Røykenes.
Det spektakulære prosjektet er no inne i ein hektisk innspurt.
– Bussen e' i rute, men på bygget står det ein del igjen så gutane frå Drange Bruk, som har utvida terrassen, hjelper no byggefirmaet som har ansvar for tilbygget med sluttføringa, seier Linda Andersen.
Strålande nøgd med ny vri
Heggland Heiltre, som har innreia bussen, leverte som avtalt. Også der blei det nokre overraskingar, men dei var av den positive sorten.
– Eg visste kva fargar eg fekk på møblane, men at dei tok logoen vår inn i trekket på kvar einaste sete var ein fantastisk bonus, seier Linda.
Andersen og Heggland var på førehand eininge i å gjera ein ny vri.
– Ved å innreia bussen med sitjegruppene delvis som langbord får vi både auka kapasitet, betre plass til dei som skal servera og praktisk bordsete om eit firma eller eit barnebesøk skal plasserast i bussen.
– Resultatet blei ikkje berre ei restaurantvogn, men noko som kan brukast til eit litt spesielt selskapslokale, med plass til 20 vaksne eller 30 ungar.
Bursdagsbarn i høgsete
Bussen er innreia med varme i golvet, varmevifte i legg-høgde og varmepumpe i taket.
Mellom seta kan det leggast ned tilleggssete om ungar skal sitja mellom kvar sofa.
– Vi vil laga eit eige høgsete til bursdagsborn, og vil få inn kostyme så vi kan gjera ekstra stas på den som sit i høgsetet.
Bussen er framleis køyrbar og førarposisjon er autentisk.
– Det var eit poeng å halda på mest mogleg av bussen som den var og eg synest Heggland Heiltre har løyst utfordringa på fantastisk vis.
Dobla kjøkken
I kveld skal bussen ryggast inn i restauranten. I tilbygget kjem eigen bar med luke frå kjøkkenet for å sørva dei om bord.
– Med auka areal har vi måtta utvida kjøkkenet. Vi flytta nokre garderobar og brukte noko lagerplass til å dobla kjøkkenet.
– Frå den nye delen av kjøkkenet har vi dessutan lagt til rette for enkel opning ut mot ein buss til, når fengselsbussen er på plass.
Sjølv om det sto igjen ein del arbeid med bygget var det aldri snakk om å utsetja opninga. Då tømrarane spurde om dei skulle henga plakaten med opningsdatoen opp, så bilistane på E39 såg den betre, svarte Linda.
«Den er ikkje til bilistane, den er til dåke», fortel Linda og ler.