Lokal | 01. mars 2016

Bursdag i lange banar

Os barnehage er fem år i dag, og ein femårsjubilant må feirast med stil! (Oppdatert)

Bursdag i lange banar
Bursdagsfeiring i lang, lang rekkje i Os barnehage i dag. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandtysdag 01. mars 2016 13:10

Bildeserie:

Hordaland Teater sytte for bursdagsunderhaldning (Foto: CV)
Hordaland Teater sytte for bursdagsunderhaldning (Foto: CV)
(Foto: CV)
(Foto: CV)
(Foto: CV)
(Foto: CV)
(Foto: CV)
(Foto: CV)
Emil Brimsholm, leiar i tenesteutvalet såg ut til å kosa seg i femårsdag. (Foto: CV)
Emil Brimsholm, leiar i tenesteutvalet såg ut til å kosa seg i femårsdag. (Foto: CV)
Barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang i ivrig samtale med bordkavaleren. (Foto: CV)
Barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang i ivrig samtale med bordkavaleren. (Foto: CV)
(Foto: Andris Hamre)
(Foto: Andris Hamre)
(Foto: Andris Hamre)
(Foto: Andris Hamre)
(Foto: Andris Hamre)
(Foto: Andris Hamre)
1 av 9

Det er dekt lang, laaang rekkje med langbord i Os barnehage i Gymnasvegen i dag. Ballongar, lanterner i taket og banner ved inngangen avslørte at det ikkje er berre ein heilt vanleg dag.

Det er fem år sidan den nye Os kommunale barnehage vart opna. Eit av borna har til og med vore med sidan første dag.

Pynta til fest

Ikkje berre barnehagelokala var pynta til fest i dag.

Så langt auget kan sjå er det prinsar og prinsesser, og mange har pynta seg i høve dagen. Innimellom prinsessekjolar, skjorter med sløyfer i halsen, er det til og med ein flott gut med bunad på.

Bursdagsteater

Feiringa starta med teaterframsyning på Torget i barnehagen. Kring 120 forventningsfulle born fekk sjå stykket «Egget», framført av Hordaland teater. Ungane kniste og lo, og kosa seg med framsyninga, og sette tydeleg pris på både lydeffektar og kosedyr på stang.

Etterpå fekk dei rista laus og av seg litt energi på dansegolvet.

Festmåltid

Leiar i Os barnehage Elisabeth Nordstrand presenterte deretter dei inviterte gjestene, blant dei barnehagefagleg rådgjevar i kommunen Irene Ullensvang, og leiar i tenesteutvalet Emil Brinsholm.

Så «dimmiterte» ho dei forskjellige gruppene slik at dei kunne finna plassane sine ved bordet. Og det var ekte bursdagsmat på menyen: Taco! Og for anledninga, var det også kjøpt inn brus og snop i barnehagen, noko som vekte jubel blant borna.

Ikkje heilt som heimebursdag

Borna venta tolmodig på servering, for ikkje alt er gjort i ei handvending når alle skal ha forskjellig innhald i taco-lefsa. Men stemninga var svært god.

– Er det nokon som likar Cola her?

–Jaaaa!

Og ungane filosoferte litt over dette med bursdag medan dei venta.

– Det er litt annleis enn vanleg bursdag dette, men det er kjekt likevel.

– Kva som er kjekkast med at barnehagen har bursdag då?

– At alle er med på bursdagsfesten!

Høgtidleg avduking

Litt seinare i ettermiddag, når alle borna er mette og skal ut og rasa av seg eit uvanleg høgt sukkerinntak i barnehagen, skal ei høgtidleg avduking finna stad.

Frå no av skal nokre «kulissar» pryda nokre av veggene. Her blir det både bensinstasjon, Os bibliotek og brannstasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.