Lokal | 06. juni 2012

Bulka laus konteinar

Og føraren mista lappen.

Bulka laus konteinar
Bilen er fjerna, men den skadde konteinaren sto igjen på Halhjem i ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juni 2012 23:13

Onsdag ettermiddag kom det ein skakk-kjørt lastebil i land på Halhjem.

– Den hadde visst vore borti tunnelveggar på Tysnes. Den skal visst også ha vore borti noko på ferja, fortel Rune Hjelle frå Statens vegvesen.

Vegvesenet har hatt kontroll av tyngre kjøretøy i Os i dag og var utom Halhjem for å sjå på det skadde kjøretøyet.

– Årsaka skal ha vore at konteinaren ikkje var festal skikkeleg, og at kjøretøyet derfor blei litt breiare enn vanleg.

– Politiet var der også. Dei skal ha tatt beslag i førarkortet til mannen som kjørte lastebilen, men om det er Os-politiet eller dei på Tysnes som gjorde det er eg usikker på.

Politiet i Os var onsdag ettermiddag og kveld ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.