Bubil på halv 8
Det er stopp i trafikken på E39 etter samanstøyt mellom ein bubil og ein personbil mellom Røykenes og Tømmernes.
Politiet er på veg til ei trafikkulykke på E39 Byvegen på Søfteland.
– Vi har fått melding om ein bubil som har skrensa og står delvis ut i vegen, fortel vakthavande hos Os lensmannskontor.
Ulykka har skjedd mellom Røykenes og Tømmernes.
– Samanstøyt mellom bubil og personbil, melder 110-sentralen på Twitter.
– Eit mindre trafikkuhell
Også brannvesen, ambulanse og legebil er på veg til staden.
Klokka 15.12 melder politiet om at det er snakk om eit mindre trafikkuhell.
– E39 Osvegen/Byvegen: mindre trafikkuhell, politi på staden, kan bli noko kø, skriv Vest politidistrikt på Twitter.
Her kan du følgja køen direkte ved ulykkesstaden (Google Maps si trafikkteneste).
Større materielle skadar
I følgje brannvesenet si oppdatering fem minutt seinare skal køyretøya ha fått større materielle skadar.
– Større materielle skadar på bilane. Personane tatt hand om av helse, skriv 110-sentralen.
Tre til legevakta
Trafikken blir no dirigert forbi i eitt felt. Tre personar send til legevakta.
– Kollisjon mellom bubil og personbil. Trafikken vert no dirigert forbi staden i eitt felt. 3 personar til Os legevakt, skreiv politiet på Twitter klokka 15.26.
Klokka 15.48 blei vegen opna for fri ferdsel i begge retningar igjen.
Andre ulykka på Byvegen/Osvegen i dag
Klokka 12.48 i dag fekk Midtsiden melding om ei anna ulykke i same «nabolag», men på motsett side av Røykenes.
I krysset mellom E39 Byvegen og vegen inn til Haugsdalen skal ein bil ha køyrd på ein annan bil bakfrå.
Midtsiden har ikkje fått opplysingar om det var personskadar i denne ulykka.