BT inn i Midtsiden
Bergens Tidende sitt dotterselskap AS Lokalavisene har kjøpt seg inn i Midtsiden AS.
Midtsiden-eigar Kjetil Vasby Bruarøy hadde i utgangspunktet plan om å eiga den 14 år gamle nettavisa åleine til han blei pensjonist. No har han likevel takka ja til å selja nokre av aksjane i selskapet som driv Midtsiden.no.
– Styreformann i AS Lokalavisene, Sturle Rasmussen, tok kontakt i januar og viste interesse for å samarbeida. Det var eg positiv til og vi avtalte eit møte.
Den vidare dialogen førte raskt til at BT-selskapet ville inn på eigarsida.
– Blant dei sterkaste i landet
Sturle Rasmussen seier han har halde eit auge med Midtsiden over lengre tid.
– Os i seg sjølv er ein interessant kommune, og vi visste at Midtsiden.no har mange lesarar og spesielt høg trafikk, seier Rasmussen.
– Då vi for nokre månadar sidan kjørte ei lesarundersøking på våre eigne lokalaviser tok vi med Midtsiden. Os si nettavis skilte seg ut som ekstra verdsett blant lesarane, Midtsiden skilte seg ut og skåra høgt både i spørsmål om kor viktig avisa er for kvar enkelt osing og på kvaliteten på innhaldet.
– Midtsiden er bygd opp frå ingenting til å bli den sterkaste reine nettavisa i Hordaland. Den er nok også blandt dei sterkaste i landet, seier Rasmussen.
Del av eit større miljø
BT har via AS Lokalavisene kjøpt 34 prosent av aksjene i Midtsiden AS. BT og Lokalavisene eig frå før Bygdanytt (Arna), Askøyværingen, Strilen og Vestnytt, i tillegg til bydelsavisene Fanaposten, Åsane Tidende, Sydvesten og Lyderhorn Bydelsavis.
Bruarøy seier han har sett pris på å eiga Midtsiden åleine, å kunna ta raske avgjerder i ein travel kvardag. Tanken på å få ein medeigar måtte modnast nokre dagar.
– Dei kom med eit hyggeleg bod, men pengane var ikkje hovudårsaka. Eg takka ja fordi eg har sakna det å ha eit større miljø der vi i Midtsiden-redaksjonen kan drøfta ulike spørsmål, prøva ut idear og dela erfaringer. Eg har også sakna å ha ein storebror når det dukkar opp etiske eller juridiske spørsmål.
No meiner Midtsiden-redaktøren at han har fått ein storebror som knapt kunne vore betre.
– No får vi tettare band både til lokalavisene rundt Bergen og til den største avisa på Vestlandet. Eg får også Sturle Rasmussen, som eg har fått veldig positivt inntrykk av, med i styret. Dette trur eg at både vi, lesarane og annonsørane våre kjem til å ha stor glede av.
Vil løfta Midtsiden vidare
Rasmussen seier at han ser eit bra vekstpotensiale for Midtsiden i Os.
– I BT legg vi planar for tettare band mellom lokalavisene. Eit av dei konkrete tiltaka blir annonseproduktet Bergensringen, der vi tilbyr større annonsørar å spreia bodskapen sin ut i alle desse viktige kommunane rundt Noregs nest største by.
– Vi trur også at ein tettare dialog mellom redaktørane i lokalavisene vil vera med på å løfta alle.
No skal Rasmussen og Bruarøy i sine første styremøter legga planar for veksta til Midtsiden dei komande åra.
– I lesartal og trafikk kan vi knapt bli større. Men det har eg sagt kvart år, likevel held vi fram med å veksa.
– Det viktigaste for oss, slik eg ser det, er å auka omsetnaden noko raskare, så det blir rom for å tilsetja fleire journalistar. Lesarane våre er hjelpsame og rause med tips og tilbakemeldingar, og vi merkar at dei ventar mykje av oss. For å innfri endå betre bør vi auka staben dei komande åra.