Lokal | 21. feb. 2016
Brygge på rek
Ei flytebrygge er på rek utanfor Raudholmane. Brannvesenet er på saken.
Andris Hamresundag 21. feb. 2016 11:59
Brannvesenet fekk søndag formiddag melding om ei flytebrygge på rek.
– Den ligg omlag 150 meter utanfor Raudholmane, men ligg så djupt i sjøen at den kan vera vanskeleg å oppdaga, åtvarar brannsjef Stein Gjøsund.
Vakthavande brannbefal er på saka.
– Vi sender truleg ut eit par mann for å sikra den og slepe den til land, seier Gjøsund.