Brutal start i ny divisjon
Os 2 har tapt 5 av 5 i 4. divisjon. – Vi er ikkje skremt av nivået, men det er tøft å stå utan poeng, seier Odd Jarle Hjelle.
Ein corner, eit frispark og ein straffe var nok, Os 2 tapte søndag 1-3 heime for Vadmyra, som frå før sto med 2 sigrar og 2 tap.
Os 2 såg ut til å ha spelet, men skapte få skikkelege sjansar og var nok litt heldige som ikkje fekk fleire mål imot i 2. omgang.
– Dette var nedsig i forhold til dei to førre kampane. Eg føler vi har mykje av spelet, men vi skaper for lite sjansar, seier trenar Odd Jarle Hjelle.
Os 2 - Vadmyra 1-3 (1-2)
Målskårar, Os: Vegard Hjelle
Os (troppen): Erlend Østgulen Hevrøy, Anders Skaar, Ludvig Egge Drange, Vegard Hjelle, Andreas Kytiri, Fabian Bødtker, Endre S. Nordtvedt, Peder Lyssand, Harry James Moore, Christoffer Ø. Hevrøy, Mats Lepsøe, Tom Gabriel Ø. Rondestveit, Joakim Forstrønen, Markus Sørås Bjørnevik, Øyvind Odland og Fredrik Haustein.
Gjestane tok leiinga og Os 2 utlikna på eit langskot av Vegard Hjelle.
– Der var vi nok litt heldige, keeper redda, men fomla ballen i mål, truleg noko blenda av sola.
På tampen av omgangen kom ein ny dødballsituasjon der gjestane tok pause med 1-2-leiing.
Heimelaget starta med eit par sjansar i starten på andre omgang, men så var det berre fram mot 16-meteren dei såg ut til å få det til.
Vadmyra var gjennom fleire gongar, men keeper Erlend Hevrøy og forsvarsrekka fekk rydda unna i siste liten. Den største sjansen som blei hindra var då Hevrøy gav retur og Ludvig Egge Drange redda skot nummer to.
Prega av NM-kampen torsdag
– A-laget har mykje skadar og vi startar med berre éin senior. Mesteparten av laget spelte første NM-runde torsdag, der vi slo Sotra 3-0. Kampen heng nok litt igjen, for vi mangla litt piff i går, synest Hjelle.
Litt piff var det likevel i fleire, blant anna debutantane Andreas Kytiri og Joakim Kvernes Forstrønen. Forstrønen kom innpå i 2. omgang, men blei vinka for offside ein del av gongane han prøvde å bruka farten sin på høgrekant.
Tom Gabriel Rondestveit, Andreas Kytiri og Fabian Bødtker prøvde seg òg på nokre fine kombinasjonar langs sentrallinja og via venstresida, men utan å koma til anna enn nokre cornarar.
– Gode nok
No håper Odd Jarle at gutane snart tar sine første poeng i 4. divisjon.
– Dei er gode nok, det har vi sett. Vi blei litt skremt i dei to første rundane, men har justert oss litt etter fysikken og spelestilen som møter oss når vi stort sett er raskare og betre trent, men yngre og lettare.
– Men vi treng ein siger no, så gutane får litt meir tru på det dei jobbar med.
I neste runde speler Os 2 borte mot Trio, som ligg rett over dei på tabellen.