– Bruk posane!
Kommunen legg til rette for eit trivlegare sentrum. 15 stasjonar med hundeposar blir montert i disse dagar.
Både på torget, kyrkjeflaten, minneparken, Lyngheim og ut mot Oseana har det dei siste dagane kome opp små stasjonar med poser, slik at hundeeigarar kan plukka opp etter hunden sin når denne har gjort sitt fornødande.
– Totalt er det plassert ut 15 stasjonar i dei sentrumsnære områda, fortel Dag Søfteland, avdelingsleiar for teknisk drift i Os kommune.
Reklamefinansiert
Nær 20 firma i Os har vore med på å finansiera dei 15 stasjonane.
– Det er eit firma som heiter Tikspac som står bak ordninga. Dei tok kontakt med meg for å høyra om dette var noko kommunen kunne tenkje seg å vera med på.
– Etter ei runde med administrasjonen og rådmannen sa vi ja. Det er dei som har stått for kontakt med annonsørane og som leverar stasjonane, inklusive posane, forklarar Søfteland.
Kommunen monterar og driftar
Sjølv om det er eit eksternt firma som står bak stasjonane, er det kommunen sjølv som tek driftansvaret.
– Ordninga kostar ikkje kommunen noko utover at vi må bruke litt tid på å etterfylle posar og liknande. Desse vil vi med jamne mellomrom vil vi få tilsendt frå Tikspac. Vi har òg stått for monteringa av dei ulike stasjonane, som vi har freista å montera der vi veit at hundefolket ferdast og i nærleiken av boss-spann, slik at ein enkelt kan kvitta seg med posen etter at den er fylt.
– Eg håpar dette vil vera eit positivt innslag i sentrumsområdet. For vår eigen del er det også berre positivt. Det fjernar eit problem, ikkje minst for gartnerane som slepp trakka i hundebærsj når dei skal halde dei kommunale grøntanlegga på stell.
– No håpar eg berre hundefolket brukar dei og kastar dei næraste boss-spann, oppfordrar Søfteland avslutningsvis.