- Bruk nordenden òg!
5-8 minusgrader og strålande sol varslar meterologane for helga. Har du tenkt deg på skeiser på Ulvenvatnet tilrår is-målar John Lepsøy nordenden av vatnet.
Frivillig is-målar John Lepsøy gler seg stort over den høge aktiviteten på vatna rundt i Os.
- Eg har berre ei oppmoding å koma med.
- Det er at fleire tek i bruk nordvatnet av Ulvenvatnet. Slik det er no blir det fort parkeringskaos om alle skal i sør-enden på Moberg.
- Om ein i staden køyrer til Sigurdvikjo og området ved roklubben, så er det godt med parkeringsplassar og minst like god is som i sør, fortel Lepsøy.
Mellom 15 og 20 cm stålis
Is-målaren anslår tjukkelsen på isen til å vera mellom 15-20 cm stålis.
- Han veks med omlag 2 cm i døgnet slik vêret er no om dagen.
- Den einaste staden som ikkje er helt trygg er rett under brua som kryssar Ulvenvatnet. Straum i vatnet og salt frå vegen gjer at eg ikkje vil anbefala folk å gå der.