Bronsefest på heimebane!
Os Karateklubb arrangerte NM i helga - og forsynte seg sjølv med 9 medaljar frå premiebordet.
I helga har Os Karateklubb arrangert NM for første gong, med unntak av lag-NM i Oshallen i november 2015.
• Sjå video og bildeserie frå lag-NM 2015
Oshallen er i ferd med å bli utvida, i juni opnar ny dobbelhall. Då kan kanskje Osbygda husa NM individuelt, som i helga gjekk av stabelen med over 200 utøvarar i Haukelandshallen.
– Arrangementet har gått på skjener! Vi har halde tidene og fått fine tilbakemeldingar på gjennomføringa, seier stemneleiar Oddbjørn Aspenes.
Hovudinstruktør sensei Cato Bruarøy takkar medlemmar og foreldrene til fleire av dei unge utøvarane i klubben for stor dugnadsinnsats.
– I tillegg til 13 påmeldte deltakarar og to dommarar har vi hatt sekretæriat, kiosk og mykje jobb med rigging og rydding, seier Bruarøy.
Dei to dommarane er Vidar Mjånes, som nyleg fekk europeisk dommarlisens, og Tor-André Aspenes, som i helga besto eksamen i referee B, nest høgaste nasjonale nivå.
Aurora tok bronse i debuten
Halvparten av Os sine deltakarar kjempa i dei to yngste årsklassane. Blant desse er Aurora Berge Fagerthun i klassen 12-13 år.
– Eg har tatt 2. og 3. plass i lokale stemne før, men var spent på korleis eg ville klara meg i NM, seier Aurora til Midtsiden.
– Eg tapte den første kampen med mange poeng, men vann bronsefinalen med mange poeng òg. Eg hugsar ikkje kva stillinga blei, men det var gøy!
Måtte avbryta bronsefinalen for å spy
Sjukdom, skadar og små marginar gjorde at det ikkje blei nokre noregsmeistrar på Os i år.
– Benjamin Askvik Midtbø, som normalt ville vore ein gullkandidat, blei sjuk og måtte stå over. Armin Palislamovic leia 5-0 i bronsefinalen i senior, men måtte av matta for å kasta opp, og blei diskvalifisert.
Armin stilte i dag og tok sølv i U21.
– Vi har møtt kvarandre fleire gongar, og vi har begge slått kvarandre før. I dag var det hans tur, seier Armin etter finaletapet.
Storebror Aner Palislamovic tok bronse i vektklassen over. Tobias Hagen Røttingen (16-17 år) og Sondre Kvamsdal (14-15 år) tok kvar sin bronsemedalje.
Tuva tok sølv - Tiril tok to medaljar
Også Tuva Baggen tok seg til finalen. Ho var med i NM for tredje gong. I debuten blei det bronse, i fjor blei det som i år, sølvmedalje.
– Eg låg under i første kamp, men klarte å snu det og vann 3-2. Finalen blei tøff, der hamna eg under 1-0, 2-0 og 3-0 før ho sette inn eit spark og tok 3 poeng til. Då var kampen avgjort.
Den einaste frå Os som tok to medaljar i helga var Tiril S. Haaland. Ho deltok i både senior og i U21, vann første kamp, men tapte semifinale og måtte nøya seg med delt 3. plass.
Malene Askvik Midtbø tok bronse i klassen 16-17 år.
7 bronse og 2 sølv
Bruarøy fortel om eit generasjonsskifte blant konkurranseutøvarane i klubben.
– Henrik Reed Larsen stilte som coach og Amanda Njøten, som òg har vunne NM fleire gongar, var ikkje med i år.
– Men det gler meg å sjå alle dei unge, som har hevda seg lokalt, også er gode nok til å ta medalje og til å gå ganske jamt mot fleire av dei beste. Vi har hatt fleire debutantar i helga, og vi har deltakarar som konkurrerer lokalt, men som førebels ikkje er gamle nok til å delta i NM.
I alt var det 10 av dei påmeldte som deltok. Dei tok til saman 9 medaljar, alle i kamp.
Han nemner Mariell Askvik Midtbø, som har vunne alle kampane ho har gått lokalt, som eksempel. Ho sat på tribunen og heia på storesøster Malene og dei andre klubbkameratane.
Her er alle resultata til deltakarane frå Os:
Tiril S. Haaland 3. plass (senior -68 kg)
Tiril S. Haaland 3. plass (U21 -68 kg)
Aner Palislamovic 3. plass (senior -75 kg)
Armin Palislamovic 2. plass (U21 - 67 kg)
Armin Palislamovic 5. plass (senior -67 kg)
Malene Askvik Midtbø 3. plass (16-17 år -59 kg)
Tobias Hagen Røttingen 3. plass (16-17 år + 76 kg)
Sondre Kvamsdal 3. plass (14-15 år + 70 kg)
Tuva Baggen 2. plass (14-15 år -47 kg)
Aurora Berge Fagerthun 3. plass (12-13 år -49 kg)
Hedvig Bruvik Østervold 5. plass (12-13 år + 49 kg)
Carmen Liliana Langbakk Bruarøy 5. plass (12-13 år + 49 kg)