Bronse til J16 og G16
Fleire jente- og gutelag frå Os har deltatt i Lerøy Cup og Varegg Cup. To av dei tok medalje.
Rundt seriestart er det tid for Varegg Cup for gutane og Lerøy Cup for jentelaga i Hordaland.
Os Turn Fotball har stilt med fleire ungdomslag i desse cupane, og fire av dei gjekk til A-sluttspel.
Nok ein medalje til jentelaget
Jenter 16, som har tatt medalje i Lerøy Cup kvart år, var suverene med 10-0 i målforskjell etter innleiande rundar og 9-0 og 3-0 i dei første kampane i sluttspelet.
I semifinalen møtte dei Gneist, og då det sto 0-0 etter full tid gjekk det vidare til straffespark. Den blei også jamn, men med Gneist-redning av siste straffe måtte Os nøya seg med bronse.
Lysekloster sitt J13-lag gjekk til A-sluttspel, der dei vann første kamp 6-2, men tapte kvartfinalen 1-3 for Fyllingsdalen.
Sterke gutelag
Os gjekk vidare med to gutelag til A-sluttspelet i Varegg Cup. Os 2 rauk ut då dei tapte 1/16-finalen medan Os 1 vann 9-0 og 10-0 før dei slo Loddefjord 1-0 i kvartfinalen.
I semifinalen blei det 0-2-tap for Fana og gutane fekk 3. plass.
Også gutar 14 gjekk til A-sluttspel, der dei starta med 3-0 over Gneist 3. Men i kvartfinalen blei det 1-2-tap etter ein jamn kamp mot Gneist 1.