Brisen i Idrettsvegen
Ein ung mann frå Sotra er dømt til fengsel på vilkår etter ein biltur i Os i september.
Seint ein laurdag kveld i slutten av september blei ein mann tidleg i 20-åra frå Sotra stoppa i Idrettsvegen.
Politiet hadde mistanke om at vedkomande ikkje var edru og blodprøve tatt under 30 minutt etter at han blei stoppa viste ein alkoholkonsentrasjon på 1,04 promille.
Sikta møtte i retten og sa seg skyldig.
I straffeskjerpande retning har retten lagt vekt på at sikta har forklart at han hadde plan om køyra over «ein ikkje ubetydeleg strekning».
Mannen blei dømt til 20 dagar fengsel. Med promille på under 1,2 blei soning av fengselstraff utsett med prøvetid på to år.
Han fekk òg 10.000 kroner i bot og må klara seg utan førarkort i 1 år og 8 månadar.