Breakarar sel fulle hus
Søndag spelte dei for eit fullsatt Fana Kulturhus. Laurdag kjem dei til Oseana.
Breakdancegruppa Absence har med framsyninga "Askeladden på nye eventyr" teke publikum med storm.
- Vi har fleire som har kome og kjøpt billettar etter å ha sett dei i Bergen i fjor haust, fortel arrangementssjef Berit Steen.
BA gav i si melding av framsyninga gruppa terningkast 5 og skriv "Absence Crew tek deg verda rundt i sitt artige eventyr om Askeladden, prinsessa, trollet og tullebukkane". Fleire ekstraframsyninger måtte setjast opp på Den Nasjonale Scene (DNS) for å dekkje den store etterspurnaden.
- Då vi spelte på DNS opplevde vi at folk sto i kø langt nedover gaten utanfor, smilar Andreas Roksvåg i Absence.
No håpar han på like stort frammøte når dei fem gutane kjem til Os.
- Ja, no må osingane kjenne si besøkelsestid. Ei så fartsfylt og morosam framsyning skal du leita lenge etter, supplerar Steen som fortel at det framleis er råd å sikra seg billettar.
Kjende og kjære eventyr
Dei fem danserane har tatt kjende folkeeventyr frå Asbjørnsen og Moe og ikledd dei hiphopdrakta.
- Vi tenkte vi skulle laga ei barneframsyning, men det viste seg at den slo like godt ann blant foreldra og besteforeldra som den gjorde hos ungane, fortel Roksvåg.
Kor i framsyninga publikum reagerar er litt avhengig av alder.
- Foreldra og besteforeldra ler gjerne av vitsane og korleis vi har tolka dei kjære eventyra. Ungdommane lar seg fasinera av akrobatikken og movsa, medan dei minste gjerne ler av dei teite tinga vi gjer på scena.
- Du veit når fem gutar som er dansarar skal spele skodespel, vera prinsesser og troll kan det bli mykje løye, smilar hiphoparen.