Braut seg inn og stal MC
Meca-verkstaden Thuen og Matre blei utsett for innbrot i natt. Ein av dei tilsette sin motorsykkel blei stolen.
– Eg sto og pussa tenna då Vidar ringte, fortel Remy Matre, ein av dei tilsette og son til eigar av verkstaden.
Kollegaen Vidar Tjore var førstemann på jobb, og han kom til open hovuddør inn til kundemottaket.
– «Har du tatt sykkelen din heim?» spurde han. Eg ventar på oppkøyring og hadde sett fram til å ta meg ein tur.
Han kjøpte motorsykkelen, ein Kawasaki 750z (regnr KP5767), før sommaren. No er den vekke.
Kubeinet sto igjen
Sykkelen sto utstilt i kundemottaket, der Thuen og Matre også sel motocrossutstyr.
Den eller dei som har tatt seg inn på verkstaden har brote opp hovuddøra og trilla motorsykkelen ut.
– Dei har vore bak på kontoret og funne nøkkelen, men ikkje rørt noko anna enn akkurat sykkelen.
Kubeinet som truleg er brukt i innbrotet sto igjen ved sidan av døra.
Har alarm
Innehavar Jarle Matre fortel at det er lenge sidan sist dei har vore utsett for innbrot.
– Det var ein som kasta ein stein inn gjennom vindauget ei natt i fjor, men elles kan eg ikkje hugsa at det har vore noko dei seinare åra.
Verkstaden har alarm, som sto på, men av ei eller anna årsak klarte tjuven å trilla sykkelen ut døra utan å bli fanga opp av sensorane.
– Vi har sikra nokre spor og held fram med teknisk og taktisk etterforsking, seier politiet på staden.