Braut opp dør
Natt til fredag har uvedkommande brote opp ei dør ved Unik Filtersystem. – Det ser ikkje ut som dei har stole noke, seier dagleg leiar Arne-Johnny Boge.
Klokka 02.30 gjekk alarmen ved Unik Filtersystem i landboden. Ei dør hadde blitt brote opp.
– Ei patrulje frå Bergen var saman med vekter frå eit vaktselskap var på staden i natt. Eg har ikkje noko i loggen om det blei tatt noko frå verksemda, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.
Dagleg leiar Arne-Johnny Boge fortel at det ser ut til at uvedkommande kun har brote opp døra.
– Eg var no nede her ein tur i natt eg òg. Vi har ikkje oppdaga at noko er stole, så det ser berre ut som om dei har brote opp døra, seier Boge.
I tillegg til innbrotet melder Fimreite om at patrulja stoppa ein godt vaksen mann i Os sentrum torsdag ettermiddag. Mannen køyrde utan førarkort og blir meldt for dette.