Brannvesenet vassa i 10 cm vatn – i 3. etasje!
300-400 kvadratmeter over to etasjar er skadd etter stor lekkasje i Irisgården fredag morgon.
Fredag klokka 8 blei det varsla om stor vasslekkasje i 3. etasje i Irisgården.
Os brannvesen rykte ut, men måtte ha assistanse frå restverdiselskap i Bergen for å suga unna vatnet fortast mogleg.
– Det var minst 10 cm vatn inne hos fysioterapeuten i 3. etasje då vi kom på plassen, seier utrykningsleiar Morten Moberg frå Os brann- og redningsteneste.
Lekkasjen oppsto ved at eit rør i ein kjekkenbenk «hoppa av». Vatnet i Irisgården blei stengt av og pumpinga av vatn heldt fram til klokka 11.30.
Store skadar i to etasjar
Vatnet rann både inn i nabolokale, som legekontor og lensmannskontor, og ned til andre etasje.
– Hos Jysk var dei heldigvis raske med å setja ut bøtter og flytta vare, dei berga ein del på eigahand, seier Moberg.
Driftsleiar i Irisgården, Tore André Sagstad frå Solsiden, fortel om store skadar.
– Eg blei varsla i dag tidleg og reiste til Os med det same. Dei synlege skadene er store, 300-400 kvadratmeter har vore oversvømt med vatn, i tillegg er det nok ein del som er skjult i veggar, seier Sagstad.
Andre lokale som elles er «fuktige», Solsiden og Vinmonopolet i første etasje, styrte klar.