Brannvesenet gav kraftig verktøy i gåve til Os vgs
– Vi har nytte av kvarandre og set pris på samarbeidet, seier varabrannsjef Erik Walden.
Apparatet har vore brukt til å redda fastklemte personar etter alvorlege bilulykker, og å få laus hestar som har stått fast i ferist.
Bjørnafjorden brann og redning har fått nytt frigjeringsverktøy. Tysdag gav dei det gamle verktøyet i gåve til Os vgs.
– Vi har fått nytt og meir moderne utstyr. Difor passar det veldig godt å gje dette vidare til nokon som kan bruka dette utstyret i undervisning, seier varabrannsjef, Erik Walden.
– Utstyret er brukt i fleire år, men er godt vedlikehalde. Dette er ein eldre modell, og er ganske tung, noko som kunne vera utfordrande ute i felten. Den nye modellen er mykje lettare og meir mobil, noko som gjer den enklare i bruk.
For Os vgs har denne gåva stor nytteverdi.
– Dette er ein veldig interessant reiskap for oss med tanke på hydraulikken. Det er viktig for våre studentar å forstå korleis ting er bygd opp, korleis det fungerer og kva krefter som faktisk er i hydraulikken, seier lærar, Karl Atle Pedersen.
– Hydraulikk er ein stor del av faget her på arbeids- og anleggsmaskin. Det er nøyaktig dei same prinsippa som gjeld, om det er ei frigjeringsmaskin, gravemaskin eller ein hjullastar.
Skulen hjelper brannvesenet
Samarbeidet mellom Os VGS og Bjørnafjorden brann og redning har vore godt og nyttig for begge partar.
– Her kan vi koma og kursa og undervisa i utfordringar med tyngre gjenstandar og liknande. Når våre folk skal ta klasse-C-sertifikat, så kan vi koma opp her og få øvd oss til dette. I tillegg har vi utstyr som elevane kan få nytta til å øva seg på krevande situasjonar, i henhald til trafikksikkerheit, seier Walden.
Skulen òg er takksam for samarbeidet.
– Vi er veldig heldige som kan ha sånn nytte av kvarandre. Dei har blant anna vore til hjelp i samband med øving knytt til eventuelle arbeidsuhell med tyngre maskiner og liknande. Det er elevar som skal ut i eit arbeidsliv med mykje tungt maskineri, og det er veldig viktig for desse elevane å forstå kva ein kan gjera, og ikkje gjera, viss eit uhell skulle skje, seier Pedersen.
Batteridriven framtid
Framtidas frigjeringsreidskap ser ut til å kunna bli drive av rein energi òg.
– Dei nye frigjeringsapperata som er batteridrivne har ikkje aggregat. Det vil seia at det berre er sjølve handreidskapen du treng å ta med deg for å gjera jobben. Desse nye frigjeringsapperata kan brukast opp til femti gongar før ein må lada dei.
– Vi har ikkje investert i desse batteridrivne maskinene, men det kan godt henda at det blir aktuelt i framtida, avsluttar Walden.