Brannvernveke med opne brannstasjonar
Kjem med tips til korleis du kan ha brannøving heime før du laurdag besøker Bjørnis og brannstasjonane.
Open brannstasjon vert arrangert i veke 38 over heile landet som ein del av den nasjonale Brannvernveka. Brannvernveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If.
– Tidspunktet er ikkje tilfeldig – hausten markerer nemleg inngangen til ei tid på året når talet på bustadbrannar vanlegvis aukar fordi me nyttar meir straum og levande lys, seier avdelingsleiar ved brannførebyggande avdeling, Arne Rødberg, frå Bjørnafjorden brann og redning i ei pressemelding.
Meir enn 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til open brannstasjon i høve den årlege Brannvernveka.
– I vårt distrikt opnar brannstasjonen på Moberg og i Eikelandsosen portane for store og små besøkande laurdag formiddag 23. september.
Bjørnis er òg på plass, først i Eikelandsosen, så på Moberg.
– På Open brannstasjon får dei minste lære om brannsikkerheit. Det blir konkurransar, demonstrasjon av slokkeutstyr og moglegheit til å sitja i ein brannbil. Me håper mange tek turen og er klare for storinnrykk på brannstasjonen, seier Arne Rødberg.
– Hugs at det er avgrensa med parkeringsplassar i området, me oppmodar publikum til å nytta kollektivtransport, sykla eller køyra saman med andre til open dag.
Øv for å vera førebudd
Skular og barnehagar har krav om å gjennomføra jamlege brannøvingar.
– Heime har me ikkje det same kravet, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår der. Difor er det viktig å vite kva ein skal gjere ved branntilløp eller brann heime.
– Årlege øvingar der du bur, gjerne også oftare, vil bidra til at alle i hushaldet i større grad veit kva dei skal gjera om ulykka først er ute.
– All erfaring viser at dei som har øvd og er førebudde på dramatiske hendingar, handterer dei best, fortel Arne Rødberg.
Tips til brannøving heime:
- Ei brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte godt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.
- Ta ein prat med heile familien, til dømes ved middagsbordet, om kva de skal vere ekstra oppmerksame på for å unngå brann.
- Snakk om kva de skal gjere om det likevel byrjar å brenne. Kva om det byrjar å brenne medan de søv? Høyrer alle røykvarselen? Tenk gjennom ulike scenarier. Kva om det brenn i trappa?
- Kva er alternative rømningsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som tek ansvar for kva barn, og snakk med barna om at dei ikkje må gjemme seg.
- Bli einige om ein trygg møtestad ute som alle kjenner godt, til dømes postkassen eller søppelkassen.
- Sjekk ulike rømningsvegar og at dei fungerer, klarer til dømes alle å kome seg ned brannstigen?
- Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
- Vite kor brannslokkeutstyret er plassert og korleis det brukast, og sjekk at det ikkje har gått ut på dato.
- Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som de hadde tenkt, er det viktig å justere planen og rette eventuelle feil.