Lokal | 25. okt. 2013

Branntilløp og stygg køyring

Politiet: Branntilløp på Ulven leir. Stygg køyring i fergekøen frå Halhjem. Måtte bortvisa fleire personer.

Branntilløp og stygg køyring
Brannvesenet rykte torsdag kveld ut til Ulven leir (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 25. okt. 2013 09:59

I 2120-tida torsdag kveld kom det melding om eit branntilløp ved Ulven leir.

– Det blei meldt om svilukt frå leiren.

– Denne blei etterkvart identifisert til å koma frå ei teknisk innreiing kor det hadde vore ei kortslutning, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Uvettig forbikøyring

Torsdag kveld kom det òg melding om ein svart stasjonsvogn som hadde kasta seg inn foran trailerar i fergekøen frå Halhjem.

– Meldinga gjekk vidare ut på at bilen holdt høg fart og dreiv uvettige forbikøyringar.

– Bilen køyrde mot Bergen og vi varsla kollegaene i Bergen Sør. Om dei fekk stoppa bilen har eg ikkje fått melding om, seier Sperrevik.

Blei fjerna

Politiet har òg måtte bistå i to tilfeller kor personar ikkje har vore ønska på plassen dei oppholdt seg.

– Ein blei bortvist frå ei løe på Strøno kor vedkommande hadde tatt tilhold.

– Vi blei òg beden om å hjelpa til med å fjerna tre personar frå eit husvære i Os, avsluttar politioverbetjent Terje Sperrevik, som fredag har sin siste dag på lensmannskontoret i Os før han tek over stillinga som lensmann i Kvam.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.