Lokal | 29. aug. 2013

Bran(n)sjetreff på Moberg

Brann, politi, luftambulanse og anna redningspersonell var torsdag samla for å ta det nye beredskapssenteret på Moberg nærare i augesyn.

Bran(n)sjetreff på Moberg
Representanter for redningsetatene møtest på Os Beredskapssenter (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 29. aug. 2013 15:05

I januar i år flytta Os Brannvesen og Os legevakt inn i dei nye lokala på Moberg og det som no er blitt beredskapssenteret på Moberg. Tysdag var det kollegaer frå helse, brann, politi og sivilforsvar sin tur til å koma på opning og omvising i dei nye lokala.

Drar nytte av kvarandre

- Vi håpar at vi gjer inspirasjon til andre, fortel brannsjef i Os kommune Stein Gjøsund.

Han er veldig nøgd med den nye stasjonen og at legevakten er på same stad.

- Vi drar nytte av kvarandre og har fått eit godt miljø saman med legevakten.

Sjølv om brannvesenet og legevakten har eigne lokaler så er bygget felles, dei deler både kantine og treningsrom. I tillegg har dei no blitt ei felles eining under helse-, omsorg og beredskapsavdelinga i Os kommune.

Vil ha ambulansen og politiet

Tirsdag blei det servert tapas og kake og gjestane fekk ta seg ei omvising på stasjonen.

Ordførar Terje Søviknes innleia seansen medan rådmann i Os Knut Terje Rekve fortalde om organiseringa og brannsjefen om den daglege drifta.

I tillegg kom det fleire helsingar frå blant anna ordførarane i Fusa og Samnanger og den nye lensmannen i Os, Oddbjørn Dyrdal.

- Gjestane var tydeleg begeistra og imponert over stasjonen og samlokaliseringa, fortel Gjøsund.

- No håpar vi ambulansetenesta og eventuelt politiet etterkvart får tilhald her óg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.