Lokal | 21. okt. 2016

Brann-øvingssenter kan bli på Os

Bergensalliansen vil etablera eit brannsamarbeid i Bergensregionen. Felles trenings- og øvingssenter kan bli lagt til Endelausemarka/Ulven.

Brann-øvingssenter kan bli på Os
Ei etablering av Vest brann- og redningsregion kan gi nytt regionalt øvingssenter i Endelausemarka. I dag la Bergensalliansen fram si tilråding. (foto: lesarbilde)
Andris Hamrefredag 21. okt. 2016 14:01

Bergensalliansen sendte i dag ei tilråding til 32 kommunar i Hordaland om etablering av Vest brann- og redningsregion.

– Det er jo allereie i dag eit samarbeid ved at ein på anmodning kan dele ressursar ved større redningsoppdrag. Men ei etablering av eit brannsamarbeid som dette vil gjera det meir systematisk, mellom anna på det som går på kompetanse, opplæring og felles øvingar, fortel leiar av styringsgruppa, ordførar Terje Søviknes.

Kan bli regionalt treningssenter på Os

Blant tinga rapporten «Brannsamarbeid i bergensregionen» tek opp er etablering av eit regionalt utdanningssenter.

– I rapporten blir det peika på at dette kan etablerast i Endelausemarka, eventuelt i ein kombinasjon med Ulven leir. Det kan då bli eit treningssenter for brann og redning, politi og sivilforsvar.

– Dette er eit prosjekt eit samarbeid det vil vera naturleg å gå vidare med i eit samarbeid. Det er allereie under etablering eit nasjonalt senter, men det vil vera naturleg å også etablere regionale sentre. Om det blir lagt til Endelausemarka er det naturleg at Os brannvesen får eit særskilt ansvar i opplæringssamanheng, på samme måte som andre brannvesen kan få særskilte ansvar på andre området, til dømes forebyggande brannvern, forklarar Søviknes.

Ikkje samanslåing

Søviknes understreker at det ikkje er snakk om å slå saman dei lokale brannkorpsa, men å få til eit meir systematisk samarbeid.

– Det viktigaste er fortsatt å sikra tryggleik i kvardagen til innbyggjarane i kvar einskild kommune, men samstundes setta brannvesena i enno betre stand til å takle større hendingar.

– Det vil framleis vera slik at den einskilde kommune har ansvaret for å finansiera sin eigen beredskap.

– Dette samarbeidet vil vera ein nasjonal pilot for brannvernsamarbeid og blir tett følgd av direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og justisdepartementet. Vi går her i motsatt retning av den sentraliseringa som brannstudien la opp til.

Frå 1. januar 2018

I prosjektet ligg det òg inne at to interkommunale samarbeid som allereie er etablert, IUA (samarbeid ved akutt forureining) og 110-sentralen, blir lagt under same ordning.

– Framlegget og rapporten skal no ut på høyring til alle dei 32 kommunane som har vore med i prosjektet. Høyringsfristen er satt til utgangen av mars, slik at det formelt kan bli etablert frå 1. januar 2018.

– Som leiar av styringsgruppa er eg godt nøgd med den omfattande jobben som har vore gjort i alle kommunane. Det har vore fem - seks faggrupper med representantar frå brann- og redning, tillitsvalde og rådmenn, som har bidratt i rapporten, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.