Brann i hytteområde i Lysefjorden
Vurderte å evakuera hus og hytter på Balandsneset.
Klokka 12.49 i dag rykte politi og brannvesen ut til Balandsneset, eit bustad- og hytteområde sørvest for Drange.
– Det er meldt om brann i gras og krattskog, opplyser 110-sentralen via Twitter.
Politiet vurderte ifølgje BT å evakuera hus og hytter i området.
– No melder brannvesenet at dei førebels ikkje har kontroll på flammane, men faren for spreiing til hus og hytter er over, fortel operasjonsleiar Stine Mjelde til Midtsiden klokka 13.35.
• Har du informasjon eller bilde? Send til tips@midtsiden.no
Rundt 100 kvadratmeter er svidd av og brannen er førebels ikkje sløkt.
– Vi har sjanse til å sløkka frå sjø i dette området, men det er ikkje meldt om behov for assistanse.
Det er ifølgje politiet heller ikkje behov for ambulanse.
– Luftambulansen var tilfeldigvis i Os, på øving på Ulven, og hjelpte til med å kartlegga omfanget i starten. Men dei har gjort retrett, seier Mjelde.
OPPDATERT: Klokka 14.10 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen, og at dei no dynkar terrenget med vatn for å hindra brannen å blussa opp igjen.