Lokal | 12. sep. 2013
Brann i bossrom
Brannvesenet rykte ut til Amfisenteret.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. sep. 2013 10:31
Torsdag klokka 10.25-tida fekk Midtsiden melding om brann i avfallsrommet ved AMFI Os.
Brannvesenet hadde ikkje høyrt om brannen då Midtsiden tok kontakt.
OPPDATERT:
– Det kom mykje røyk ut frå ein papir-konteinar då vi kom fram, men det var ikkje fare for spreidning og senteret trengte ikkje å evakuerast, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.
Straumen var slått av og Ask Transport slepte konteinaren ut av garasjen så brannvesenet fekk dynka den god med vatn.
Det er førebels uvisst kva som er årsaka til brannen.