Lokal | 08. okt. 2013
Brann bildekk
Måndag avskilta politiet ein bil og fekk melding om eit stort bål på Hagavik.
Kari M. Lyssandtysdag 08. okt. 2013 10:00
- Vi avskilta ein bil der omregistreringa ikkje var betalt, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Bål nær bustadar
I seks tida fekk politiet melding om eit stort bål nær eit bustadområde på Hagavik.
- Då vi kom på staden såg vi at det var bildekk på bålet noko som gjev ein del svartrøyk.
Det var ikkje meir for politiet å gjera og brannvesenet tok over.
- Det er ei sak for brannvesenet som er forureiningsmyndigheit i kommunen, avsluttar Hadler-Olsen.