Brakval av Høgre
Jens går av, Erna er klar for statsministerjobben. – Dette gjekk betre enn venta, jublar varaordførar Marie Bruarøy.
Høgre har gjort sitt beste val på 28 år og dei borgarlege er så nær siger at statsminister Jens Stoltenberg (Ap) varslar at han går av.
– Vi har følt at det skulle gå bra, men hadde ikkje trudd at vi skulle få så stor oppslutnad i Os, seier varaordførar Marie Bruarøy.
Høgre og Frp har meir eller mindra skifta plass når det kjem til oppslutnad i forhold til førre val, sist hadde Høgre 20,8 prosent, Frp 32,3.
I dag fekk Høgre 33,6 prosent, Frp 21,5 prosent.
Sjå alle resultata i Os og i krinsane.
Blant dei andre borgarlege har Venstre gått fram frå 4,3 til 5,5 prosent og KrF frå 5,8 til 6,7 prosent.
Alle dei raudgrøne tilbake
Dei raudgrøne har alle gått tilbake, Ap frå 26,2 til 20,5 prosent, Sp frå 4,7 til 4,4 prosent og SV frå 3,4 til 3,1 prosent.
Miljøpartiet de Grønne har hatt størst prosentvis vekst, frå 0,4 til 2,9 prosent.
– Skule og næringsliv har vore viktig
– Kvifor har de gjort det så bra?
– Erna har hatt mykje å seia. At ho har vore innom Os to gongar i valkampen har også betydd mykje, trur Ståle Skaatun.
– Vi har sete igjen med positivt inntrykk etter at vi har vore på stand i Os i valkampen.
– Folk, særleg dei unge, vil diskutera skulepolitikk. Mange har også diskutert næringspolitikk og formueskatt, seier Marie Bruarøy.
– Det har vore overraskande lite snakk om traséval og bru over Bjørnafjorden, skyter Skaatun inn.
– Vi har tenkt at det kan ha vore ei sak som lokalt kunne blitt brukt imot oss.
Spent på 6. plassen
I skrivande stund har Høgre 6 av 16 mandat frå Hordaland på Tinget.
– Det er på vippen med Ap, men vi håper vår 6. plass, ordførar Ove Trellevik frå Sund kjem inn.
– Han er kystens mann og veldig dyktig på næringslivspolitikk. Vi treng han på tinget, seier Bruarøy.