Brakstart for JM i Hamnevegen
Selte 15 av 27 hus etter første møte med interessentar.
I september blei det kjent at JM har opsjon på Bygg Concept si tomt ved Os Eldresenter, og vil selja 58 leilegheiter i tre nybygg ved Oselvo.
Måndag i førre veke hadde dei møte i Oselvarnaustet for interessentar.
– Interessa var stor og naustet blei fylt godt opp. Det ser ut som om mange har venta på at nokon skulle bygga på denne solrike, sentrumsnære tomta, seier sals- og marknadssjef Dyveke Advocaat Wigand.
JM har tidlegare bygd leilegheiter både i Vindu mot Fjorden og på Lyngheim, og har medvind også i sitt tredje sjø- og sentrumsnære prosjekt i Os.
Over 200 interessentar
I første runde er leilegheitene i bygg 1 og 2 lagt ut for sal.
– No har vi selt 15 av dei 27 første, fortel Wigand.
207 interessentar hadde registrert seg, av desse har 86 registrert seg som VIP og fått forkjøpsrett. Fredag morgon var fristen for å melda forkjøpsrett ute, og dei 15 første sala blei landa.
– Dei første kjøparane er godt vaksne. Fleire av dei er frå Os, fleire av dei kjenner tydlegvis kvarandre frå før.
Siste rammeløyve kan koma i desember
Mens rammeløyve er på plass for bygg 1, som ligg nærmast elva og Hamnevegen, og bygg 2, som ligg nærmast Finnebrekka, er det gjort justeringar på bygg 3, som inneheld 29 leilegheiter øvst på tomta.
– Vi skal på alle måtar ha halde oss innafor gjeldande reguleringsplan, men treng nytt rammeløyve før vi kan legga også desse ut for sal, seier prosjektleiar Frode Haugland.
– Det er interessentar også på dette bygget.
Søknaden skal behandlast i plan- og bygningsutvalet, truleg 5. desember.
Med håp om byggestart til påske
JM er svært nøgd med mengda interessentar og starten på salet. Om løyvet på bygg 3 kjem på plass i desember, og salstempoet held seg oppe, blir det anleggsstart til påske.
Går alt på skjener vidare skal prosjektet, med 58 nye leilegheiter, stå ferdig i løpet av andre kvartal 2022.
Leilegheitene er på 3 og 4 rom, frå 54 til 119 kvadratmeter, Svanemerkt med låge driftskostnadar og godt inneklima. Prisane på dei som er ledige og ligg ute for sal går frå 2.890.000 til 4.590.000 kroner.