Bråk og narkotika
Rusa mann lagde bråk i Askvik. Bilførar stoppa i kontroll, hadde mindre mengde narkotika i bilen.
Klokka 0725 fredag morgon blei politiet tilkalla til ei adresse i Nedre Askvik kor ein mann var til sjenanse for dei som budde der.
- Han bråkte og laga mykje støy og forstyrra den allminnelege ro og var til sjenanse.
- Han blei tatt med til lensmannskontoret og vil bli anmeldt for dette, fortel politibetjent Tom Johannessen.
Mannen blei vurdert som rusa av politiet.
Beslag av narkotika
Då politiet klokka 2217 torsdag kveld kontrollerte eit køyrety kom dei over det dei meiner er narkotika.
- Det blei funnen ei mindre mengde av det vi meiner er narkotisk pulver.
- Vi har allereie gjort etterforskningsmessige skritt, mellomanna med pågripelse av ein aktuell person, fortel Johannessen.
Også denne saka vil bli følgt opp med anmeldelse.