Bra trøkk på billettsalet til EM-festen
– Det er fare for at vi blir utselt, seier Brenne, som i dag deltar på rigginga i Vognhallen.
Os Fotball annonserte tidlegare i veka at dei ville arrangera EM-fest i Vognhallen.
I går hadde dei selt 130 billettar, i dag er dei oppe i 180.
– Det er bra trøkk til no! Vi trudde vi skulle selja det meste i døra, at berre nokre bedrifter ville førehandsbestilla. Osingane plar ha kvilepuls når det gjeld å kjøpa billettar, men denne veka har det gått i eitt, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.
Dei set opp bord til 250 gjestar. 10 langbord er bestilte av ulike bedrifter, resten er selt til individuelle og venegjengar.
– Det vil òg bli sal av billettar i døra, dersom det er fleire billettar igjen. Men det nærmar seg fullt. Det er veldig kjekt å sjå interessa for ein sånn fest!
Midtsiden møtte Zsolt og Endre under rigging fredag formiddag.
Det er dei to siste kvartfinalane som skal visar i Vognhallen.
Måndag og tysdag blei det klart kven som skal kjempa om plass i semifinalane laurdag kveld.
- Klokka 18: England mot Sveits
- Klokka 21: Nederland mot Tyrkia
(Fredag kveld, som altså ikkje går i Vognhallen, går Spania-Tyskland og Portugal-Frankrike.)
Byr på litt ekstra
Os Fotball vil dessutan gjera litt ekstra ut av det.
Ved sidan av grilling, skjenking og den underhaldninga som skjer på skjermane, blir det tipping og quiz.
– Vi opnar Vognhallen ein time før første kamp, og tenkjer folk kan tippa resultat når dei kjem.
Pausane og tida mellom kampane skal det vera lokalprodusert underhaldning.
– Davy Wathne frå Sleivkast kjem for å styra quiz. Det blir nok òg noko fotballprat med gjestar. Er vi heldige får vi Davy og Brynjar Øvstedal til å diskutera litt.
Brenne har òg hatt ein prat med Bjarte Andersen på Catten Sportsbar.
– Han har visst ikkje vore ivrig med å visa EM, og seier at han gler seg over initiativet vårt. Han støttar oss og seier gjestane våre kjem gratis inn på Catten etterpå.