«Bra nok» av kulturskulen
Bildeserie: Dansarane frå kulturskulen med viktig bodskap i skulane.
Tysdag var elevane på Danseteatergruppa ved Os kulturskule på skuleturné.
– Vi gav tilbodet til alle ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Os og Fusa. Tidlegare i dag har vi hatt to fine framsyninger på Os ungdomsskule, før vi no avsluttar for VG1 her ute, fortalde lærar Patricia Langeland då vi møtte ho og dansarane på Kongshaug Musikkgymnas tysdag ettermiddag.
Medan dansarane på ungdomsskulen måtte jobba hardt for å få publikum med, fekk dei umiddelbar og god respons frå elevane ved musikkgymnaset, som kanskje hadde ei større forståing for det å stå på ei scene og skulle prestera.
– Stopp opp og sei det er godt nok
Framsyninga kalla dei «Bra nok».
– Den handlar eigentleg om sjølve prosessen fram til å setta opp ei framsyning. Då vi starta hadde eg ei heilt anna forestilling av kva dette skulle bli. Det blei noko heilt anna.
– Jentene speler seg sjølv og tanken var å formidle at uansett kor mykje du kavar og jobber, så må du av og til stoppe opp og seie at det er godt nok, om ikkje blir du aldri ferdig. Det var viktig at jentene skjønte nettopp det poenget og eg trur dei gjennom framsyninga klarer å formidle nettopp det til ungdommane på ungdomsskulen og her ute på Kongshaug.
– Det har blitt ei naken forestilling utan ekstra belysning og med enkel lyd, nettopp for å visa at det er bra nok, smilte Langeland før jentene tok over gulvet i gymsalen.