Borgen til 2. divisjon
Stopparkjempen Børge Borgen frå Os har signert for ny klubb.
Børge Borgen (23), som i sommar reiste til Oslo for å gå politihøgskule, er no klar for 2. divisjon 2015.
Borgen har signert med Ullern, som rykte opp til 2. divisjon i 2014 og heldt seg i divisjonen etter årets sesong.
– Endre Brenne i Os Fotball ordna meg kontakt med Ullern før eg reiste bort her. Eg trente litt med dei før skulestart i haust, men det var først no i desember eg var klar, seier Børge til Midtsiden.
I første semester i Oslo har han berre spelt innandørsfotball på skulen.
– Eg kjente eg sakna fotballen og såg at det blei tid til systematisk trening utanom skulen, så då møtte eg opp hos Ullern igjen.
– Litt lik på Os
Børge fortel at han bur sentralt og at han bruker berre ti minutt frå skulen på Majorstua til trening på Ullern på vestkanten av Oslo.
– Eg har veldig godt inntrykk av klubben. Dei er litt som Os, med mange talentfulle ungdomar og godt utviklingsarbeid, og eit A-lag dei også satsar på.
Borgen går førsteåret på politihøgskulen og til hausten er det ut i praksis.
– For å få kontinuitet i ny klubb håper eg på å få praksis her borte, i eller nær Oslo. Alternativt at eg kjem til Vestlandet nær Os, så eg kan spela for moderklubben.
2016 blir Børge sin første sesong i 2. divisjon. Sist Os var i 2. divisjon, i 2010, spelte Borgen for Os 2 i 3. divisjon.
«En fin fyr med et solid håndtrykk, og han er jaggu flink til å spille midtstopper også. Det blir kult å følge utviklingen hans på CCVest Arena» skriv Ullern på sine heimesider.