Sport | 12. okt. 2013

– Børge var gigantisk

Børge Borgen skåra to for A-laget til Os då dei slo Randaberg i sesongens siste bortekamp.

– Børge var gigantisk
Børge Borgen blei matchvinnar i dag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 12. okt. 2013 20:19

Fleire ungdomar fekk spela frå start og Ramo Racic, som nyleg kom tilbake etter skade og operasjon, hadde sin første heile kamp for A-laget då Os laurdag spelte borte mot Randaberg.

– Vi var veldig strukturert frå start og eg synest vi klarte oss bra, spesielt med tanke på at vi sparte ein del krefter til Os 2 sin viktige kamp på onsdag, seier trenar Tore Nielsen.

Randaberg – Os 2-3 (2-2)
Målskårarar, Os: Ramo Racic og Børge Borgen 2.

Os: Frode Moberg Øvredal - Stian Bakke, John Ole Johannessen, Børge Borgen, Håvard Grøteide - Håkon Kvittingen, Thomas Mjelva (Stian Lunde 45.), Espen Borgen (Preben Borgen (45.)- Espen Kopperud (Torkel Hjertnes 55.), Ørjan Glesnes og Ramo Racic.

Ramo Racic gav Os 0-1 etter at Espen Borgen la inn på eit frispark. Børge Borgen auka til 0-2 før vertane reduserte og utlikna.

Børge blei matchvinnar då han i andre omgang sette inn sitt andre for dagen.

Ganske lik 2012-sesongen

– Vinn vi siste kamp så landar vi berre to poeng bak fjoråret. Det synest eg er bra, med tanke på kor mange vi har mista i år.

Midtstoppar Per Søgnen Merai har vore ute med skade sidan før sommaren, Tore Valvik skifta klubb til Søre Neset midt i sesongen og toppskårar Erik Kanestrøm gjekk til Nest-Sotra.

– Ungdomane Thomas og Espen gjorde ein god omgang i dag, Børge var ein gigant og Ramo er tilbake i form.

– Hadde vi hatt Ramo skadefri heile sesongen så ville vi nok tatt langt fleire poeng, trur Nielsen.

Siste borte

Stemninga i bussen er god. Spelarane har blitt lovd å ha det "litt sosialt" på veg heim frå siste bortekamp, med siger blei det ekstra kjekt.

– Dette var kanskje også min siste bortekamp med gutane, seier Nielsen.

Kontrakten hans går ut sesongen og han har ikkje fått signal om fornying.

To poeng bak 4. plassen

Os ligg på 7. plass a-poeng med Haugesund 2 på 5. plass, 2 poeng bak Øystese på 4. plass når éin runde står igjen.

Laurdag om ei veke (kl 15) rundar Os av sesongen heime mot Kopervik, som i dag spelte 1-1 heime mot Lysekloster.

Serieleiar Stord slo Åkra 0-1 borte og har to poeng meir enn Lysekloster.

Sjå terminliste og tabell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.