Borge går til Fusa
Fekk rådmannsjobb i bursdagsgåve. Kommunalsjef i Os, Nils-Petter Borge blir ny rådmann i Fusa. – Eg gler meg veldig til ein spennande jobb, seier Borge.
I Fusa kommunestyre torsdag kveld blei det vedteken å tilby Nils-Petter Borge stillinga som rådmann i kommunen. Tilfeldigheiten ville at tilbodet kom same dag som Borge fylte 51 år.
– Det er kjempestats og eg gler meg veldig over å ha fått tilbodet. Rådmannsjobben tykkjer eg er spennende og det er ei utfordring eg kunne tenkje meg. Når sjansen no baud seg i nærmiljøet så tok eg han, seier Nils-Petter Borge, som i ni år har vore kommunalsjef for Helse, Omsorg og beredskap i Os kommune.
Fordel for samanslåingsprosessen
Av dei viktigste oppgåvene i den nye jobben blir samanslåinga av Os og Fusa til nye Bjørnafjorden kommune.
– I den sammenhengen trur eg det er ein fordel at eg kjenner Os kommune så godt som eg gjer. Eg har i allefall tenkt å bruka det til ein fordel. Saman skal vi klare å lage ein ny kommune på ein god måte og sørgje for at tenestetilbodet i begge kommunane kjem styrka ut.
– Det er masse folk og mange ting og oppgåver som skal smeltast saman, så det er inga ulempe at eg har god kjennskap til dynamikken i Os kommune. Samstundes kjenner eg godt ein god del av dei nye kollegane mine i Fusa som dyktige og dedikerte medarbeidarar som kvar dag jobbar til det beste for innbyggjerane. Dette gler eg meg til.
Kan forsvinna om to og eit halvt år
Som ei følgje av kommunesamanslåinga vil rådmannstillinga i ei av dei to kommunane forsvinne frå 1.1.2020.
– Kva tankar har du gjort deg om det, at stillinga kanskje berre varar i to og eit halvt år?
– Det er noko av den som har vore litt utfordrande. At stillinga har relativt kortare tidsperspektiv enn åremålstida normalt sett har for ei rådmannsstilling. Men eg tykkjer prosjektet Bjørnafjorden kommune er så spennande å vera med på, at det oppveier usikkerheiten som ligg i det.
–Det å få vera med på å bringe kvalitetane i Fusa saman med Os veg opp for potensialet for ei relativt kort rådmannsrolle. Samstundes så må også den nye kommunen ha administrativ kraft, så det uroar meg ikkje så mykje. Meland kommune har nett gjort det same, seier Borge som startar i nye jobben over ferien.