– Bør vera eit kontor i Os
Lensmann Oddbjørn Dyrdal er klar. – Med den utviklinga og folkeveksten som er i Os bør politiet vera lokalisert i Os.
VG var det første mediet som i dag presenterte kva politikontor som er skissert lagt ned i politianalysen. Hordaland er det av dagens politidistrikt som blir hardast råka, kor 14 av 22 kontor er foreslegen nedlagt, blant lensmannskontoret på Os.
– Først må eg seia at det er eit godt gjennomarbeida dokument, som ein kan vera einig eller ueinig med.
– Analysa forfektar at vi skal få meir politi ut på hjul og i møte med publikum.
– No presiserar jo politidirektøren at dett er ein foreslegen modell basert på dei kriteria analysen legg til grunn, og ikkje fasiten, men eg er klar på at det er på sin plass å ha politi stasjonert i Os, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Vil ta tid å koma fram
Om politiet si organisering blir som skissert i analysen vil næraste politikontor bli i Bergen sentrum, då også Bergen Sør politistasjon er foreslegen fjerna.
– Os er med si fysiske utforming krevande. Det vil ta tid å koma fram til ei hending om utrykkinga skal skje frå Bergen sentrum.
– Men med nye vegen frå Bergen til Os, kor det kan bli 130 km/t-fartsgrense, og de kan køyre enno fortere så vil det vel ikkje ta så lang tid?
– Vi må forhalda oss til paragraf 3 som krev aktsemd, det betyr at vi ikkje kan køyre så fort vi vil. Vi må ta omsyn til den trafikken som er. Det vil ta den tida det treng å koma seg til Os, slår lensmannen fast.
Forebygging viktig
Dyrdal ser på det forebyggjande politiarbeidet som ei viktig oppgåve, og tru dette kan bli skadelidande om ressursane er samla i sentrum.
– Det vil heilt klart bli ei utfordring å oppretthalda patruljeringa i distriktet om alt personell er stasjonert i sentrum.
– Då vil mannskapa truleg bli bunden opp der det skjer meist.
– Forebygging er viktig, og det gjer vi best når vi samarbeider, både internt i politiet og ikkje minst når vi gjer det tverrfagleg med andre etatar og handelsstanden for den saks skuld.
Blir interessante diskusjonar
Politianalysen, og høyringsuttalelsane, er tenkt fremja for stortinget våren 2014.
– Politimesteren i Hordaland og leiergruppa hans, som eg som einingsleiar er ein del av, er direkte med i diskusjonane og kan påvirka utfallet.
– Det viktigste er å skapa enno større tryggleik for publikum.
– Eg tenkjer at nettopp publikum må òg seia sitt om kva dei meiner. Det er viktig at politikarane og andre fortel kva dei ventar av politiet.
– Ein ting er i allefall sikkert, det blir mange interessante diskusjonar, og ei spennande tid fram mot saka skal opp i stortinget, avsluttar Dyrdal.