– Bør ta seks poeng
Tredje runde i Bringserien bør gje seks poeng om Os skal henge med i kampen om slutspelplass. I helga spelar dei i Slåtthaughallen.
Handballjentene til Os ligg på 6. plass, berre to poeng bak andre plassen etter to spilte serierunder. I helga møter dei tabelltoar Fana, Trauma (12. plass) og Kongsvinger (13. plass) til tredje serierunde som spelast i Slåtthaughallen laurdag og sundag.
- Vi bør ta seks poeng for å henge med i kampen om sluttspelplass.
- Toget er ikkje køyrd med fire poeng heller, men då gjer vi det enno vanskelegare for oss, fortel Ostrenar Kenneth Husebø.
To x fire
I dei to føregående serierundene har Osjentene plukka med seg to sigrar i kvar av rundene.
- Vi har spelt ein svak kamp i kvar av rundene, noko som har satt oss i den litt vanskelege posisjonen vi er i.
- Det er nok eit resultat av stor belastning på noen av jentene, men eg har trua på at det skal gå vegen denne gangen.
Fokus på dårlegare motstand
Poenga Os har tapt har dei mista mot antatt dårlegare motstand.
- I Bringserien er det berre gode lag og det er ikkje lov til å ta lett på oppgåva når ein møter lag som ligg bak ein på tabellen.
- Då kan ein fort miste poenga, og det er noko vi har hatt fokus på den siste tida.
- Om vi skal ha seks poeng denne helga er heilt opp til jentene. Dei må berre sette opp tempoet, gje full gass, så er dei gode nok, meiner Husebø.
Jamt mot Fana
Osjentene speler to kampar laurdag (Kongsvinger, 1330 og Trauma 1630) og ein sundag (1130).
- Kampen sundag mot Fana blir eit klart ein nøkkelkamp.
- Det er alltid spesielt å møte Fana. Det har ein tendens til å bli jamne kampar.
- I denne sesongen har vi møtt dei i opningscupen, kor vi tapte, og i regionsserien, kor vi vann, så det er eit ope oppgjer kor båe laga bør vinne for å vera med i toppen.
Rett frå landslagssamling
Husebø rapporterar om ein frisk og rask spelerstall.
- Alle er i form og klare for helga, så det ser bra ut.
- Anna Bjørke Kallestad kjem rett frå landslagssamling med ungdomslandslaget.
- Ho har tatt kjempesteg ei siste par åra. Eg håper ho tek med seg inspirasjonen frå landslagssamlinga inn i kampane og at det kan smitta over på dei andre jentene, avsluttar ostrenar Kenneth Husebø.